Lokal | 21. juni 2010

- Eg fekk fisk!

Då Os jakt og fiskelag arrangerte open elv for born og unge drog Sondre like gjerne opp ein kilostert.

- Eg fekk fisk!
Andris Hamremandag 21. juni 2010 20:07

Bildeserie:

1 av 8

Det blei fin fangst på fleire av dei unge fiskarane som prøvde seg i Oselvo måndag kveld, spesielt for Sondre. Terten tok han i ein kulp under gamlebrua. Litt hjelp frå far måtte den unge fiskaren ha for å få fangsten på land.

Mange fiskar små
Før Sondre drog opp fangsten sin var det mange av dei om lag 20 ungane som hadde opplevd gleden av å få fisk på kroken.

Dei fleste var nok ikkje så mykje større enn slukane dei blei fanga på, men gleda over fangsent var ikkje noko mindre av den grunn.

Viktig for rekrutteringa
- Desse arrangementa er viktige for å gje unge smaken på den fantastiske hobbyen fiske er, fortalte ein entusiastisk Fredrik Lihaug då vi møtte han langs elva måndag.

Os JFF stilte mannssterke opp for å rettleia og hjelpa de unge fiskarane. Det var nok litt ekkelt å skulle ta makk på kroken sjølv. Då var det godt å ha erfarne karar til å hjelpa.

Neste gong det er ope fiske for unge i Oselvo er 16. august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.