Lokal | 04. mai 2014

– Eg føler ringen er slutta

Terje Søviknes gjer no, 19 år etter han første gong blei valt inn i sentralstyret, comeback i rikspolitikken.

– Eg føler ringen er slutta
Terje Søviknes saman med statssekretær i samferdsledepartementet, mannen som slo Søviknes på målstreken i 2010, Bård Hoksrud. (Foto: Jacques Hvistendahl, Dagbladet.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 04. mai 2014 18:29

Laurdag ettermiddag blei det klart at det ikkje kom nokon motkandidat, søndag formiddag kom formalitetane på plass; Terje Søviknes, som i april blei innstilt av valkomiteen, blei valt inn i Fremskrittspartiet sitt sentralstyre.

Han hadde før avreise til landsmøtet på Gardermoen fått positive signal, og helga blei minst like god som Søviknes hade venta.

– Det er ei fin kjensle at eit samla landsmøte tar imot meg på denne måten. Det har vore tett mellom klemmane og gratulasjonane, seier Os-ordføraren til Midtsiden.

– Eg føler ringen no er slutta. Eg blei samd med Carl og Siv om å stå på i lokalpolitikken etter at eg gjekk ut av rikspolitikken i 2001. No er det godt å vera tilbake.

20 år som ordførar?

Å styrka organisasjonen fram mot fylkesting- og kommunestyrevalet 2015 blir blant Søviknes sine første oppgåver som sentralstyremedlem.

– Vervet let seg fint kombinera med ordførarjobben.

Sjølv har han neste år sete i 16 år samanhengande som ordførar neste år. Om han går inn for fire nye år vil han førebels ikkje svara på.

– Vi er i den innleiande delen av den lokale nominasjonsprosessen. Eg reknar med at eg svarer nominasjonskomiteen før sommaren.

To forslag godt mottatt

Søviknes stilte ikkje berre med håp om å bli valt inn, han hadde to saker med seg som blei tatt opp på landsmøtet, om bompengar i eldreomsorg.

Resolusjonen han og andre Frp-ordførarar i Hordaland hadde sendt inn, om auka statleg bidrag til drift av sjukeheimsplassar, blei vedtatt.

– No må regjeringsgruppa i partiet til Høgre og jobba for å få dette inn, seier Søviknes.

– Finansiering av bygging av nye plassar er greit som det er i dag, men om vi bygger 50 nye plassar på Lurane vil det kosta kommunen om lag 50 millionar i året å drifta dei.

Bom-bordet har snudd

I 2010 var også Søviknes aktuell for comeback i sentralstyret, men då gjekk plassen til Bård Hoksrud. Hoksrud kritiserte den gang Søviknes for å akseptera bompengefinansiering av E39 Svegatjørn-Rådal.

I eit brev til samferdsledepertementet i vinter, der Hoksrud sit som statssekretær, ber Søviknes om fritak i byggeperioden av Svegatjørn-Rådal.

– Som svar fekk eg i helga at departementet jobbar med å utforma eit nytt bomregime, der det kan bli innført rentekompensasjon.

– Når denne saka er ferdig vil dei svara på brevet eg sendte. Det er framleis tid til å få dette gjort og til å få det naudsynte stortingsvedtaket før sommaren.

Med det er bordet snudd; fire år etter at Hoksrud vippa Søviknes vekk frå plassen i sentralstyret, med bompengekritikk som viktigaste våpen, er det no Søviknes som ber Hoksrud om fritak frå same avgift.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.