– Eg gler meg veldig!
Ventetida er snart over. Sundag går Erik Tysse OL-kvalifisering på heimebane. - Formen er god, seier kappgjengaren.
Etter å ha vore utestengd frå idretten i to år etter at dopingprøver teke av han etter eit løp i Italia i mai 2010 viste funn av CERA har Erik Tysse laurdag sona ferdig straffa. Sundag får han si første og einaste sjanse til å kvalifisera seg til OL i London når internasjonale kappgangstjerner kjem til Os for å gå Last Qualifier Race Walk 2012.
- Eg føler meg i godt slag. Formen er god.
- No er nesten det verste å gå å venta. Eg skulle nesten ha ønskt at løpet var allereie i dag, fortel Erik Tysse fredag.
Fire veker i høgda
Torsdag for vel ei veke sidan kom kappgjengaren heim frå fire veker med høgdeopphald i den sveitsiske alpelandsbyen St. Moritz.
- Det var den siste perioda med mengde og tøffe treningar.
- Etter at eg kom heim har eg berre har hatt ei fartsøkt. Resten har gått i roleg tempo, fortel kappgjengaren som no spissar formen inn mot løpet på sundag med berre ei lett økt kvar dag.
Skal klare kravet
Gjennom dei rolege øktene dei siste dagane håper Tysse å bygga opp ein formtopp fram mot sundagen.
- Vi har sett på intervalløktane eg gjorde i St. Moritz.
- Eg meiner eg ligg godt ann til å klare kravet på 1.21.45 på dei 20 kilometrane. I allefall er det ingenting å seie på den fysiske formen.
Litt meir spent er han på igjen å få gå konkurranse. 2 år og 2 månader etter sist han gjekk løp.
- Det eineste usikkerhetsmomentet er at eg ikkje har konkurrert på veldig lenge, men eg gler meg til å konkurrera igjen og kjenner i heile kroppen at det gir energi å skulle koma igang igjen, smiler Tysse.
Optimale tilhøve
Det at vêrmeldingane varslar regn til sundag legg ikkje dempar på entusiasmen hjå Tysse.
- Det er meldt 15-18 grader og at regnet skal gi seg utover ettermiddagen, så det kjem til å bli optimale tilhøve.
- Hadde det vore motsatt, at det hadde regna no og blitt 25 gradar og steikande sol på sundag så hadde det vore verre.
Tøffe konkurrentar
Last Qualifier Race Walk er det siste løpet alle kappgjengarane har til å kvalifisera seg til OL. Blant deltakarane som vil nytte den siste høva er mellomanna afrikameister Hassanine Sebei frå Tunisia og landsmannen Hatem Ghoula som slo Tysse i Osaka-VM i 2008.
- Eg trur det er fleire av konkurrentane mine som er takknemlege for at dei får denne sjansen.
- Dei er gode utøvarar, så publikum får sjå kappgang på høgt internasjonalt nivå på Øyro sundag, avsluttar ein løpsklar Erik Tysse.