Sport | 30. juni 2010

- Eg har kontroll

Lysekloster-trenar Ørjan Sandal avviser både påstand om faktafeil og invitasjon til treningskamp med Os oldboys.

- Eg har kontroll
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. juni 2010 19:09

Då Sandal oppsummerte vårsesongen for sjettedivisjonslaget Lysekloster fortalte han at dei er det einaste seniorlaget på herresida i Hordaland som har skåra over 50 mål før sommarferien.

Det fekk oldboys-keeper Vidar Hjelle til å reagera. Han viste til deira 74 mål på sju kampar, og utfordra samstundes Lysekloster til treningskamp.

- Eg har sjekka fakta og Lysekloster er det einaste senior herrelaget som har skåra over 50 mål før sommarferien. Aldersbestemt og veteran (oldboys) tel ikkje som senior, presiserer han.

Han ser ikkje vekk frå at det er fleire gutelag, smågutelag eller veteranar som har skåra mykje, men samanliknar ikkje desse med eigen serieleiar.

- Treningskamp takkar vi også nei til. Vi matchar spelarane våre mot lag med spelarar på same alder, ikkje gutelag eller veteranar, fortel Ørjan muntert på telefon frå Spania.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.