Lokal | 19. juni 2016

– Eg har så vidt byrja

Wenche Lyssand har fått inn 75.000 kroner til organisasjonen Kids Action for Kids, men ho er langt i frå ferdig med engasjementet.

– Eg har så vidt byrja
Wenche Lyssand har til no samla inn 75000 til KAFK (foto: KML)
Kari M. Lyssandsøndag 19. juni 2016 08:06

Bildeserie:

Wenche og dottera Vibeke frå «surgery mission» i vinter. (Foto: Kids Action for Kids)
Wenche og dottera Vibeke frå «surgery mission» i vinter. (Foto: Kids Action for Kids)
Emma leika med borna medan dei venta på operasjon. (foto: Kids Action for Kids)
Emma leika med borna medan dei venta på operasjon. (foto: Kids Action for Kids)
Ein liten gut ved namn Centuwa før og etter operasjon. (foto: Kids Action for Kids)
Ein liten gut ved namn Centuwa før og etter operasjon. (foto: Kids Action for Kids)
Vibeke saman med nokre av borna som har fått operasjon gjennom KAFK og Operation Smile Thailand. (foto: Kids Action for Kids)
Vibeke saman med nokre av borna som har fått operasjon gjennom KAFK og Operation Smile Thailand. (foto: Kids Action for Kids)
1 av 4
Wenche og dottera Vibeke frå «surgery mission» i vinter. (Foto: Kids Action for Kids)
Emma leika med borna medan dei venta på operasjon. (foto: Kids Action for Kids)
Ein liten gut ved namn Centuwa før og etter operasjon. (foto: Kids Action for Kids)
Vibeke saman med nokre av borna som har fått operasjon gjennom KAFK og Operation Smile Thailand. (foto: Kids Action for Kids)

I mars skreiv Midtsiden om Wenche Lysssand, som saman med veneparet Gunvor og Svein Døsen blei med dottera til Wenche, Vibeke Lyssand Leirvåg, som frivillige på «surgery mission» i Thailand med organisasjonen Kids Action for Kids.

Kids Action for Kids (KAFK) samlar inn pengar for å gje fattige born i Thailand operasjon for leppe- og ganespalte samt at dei stiller med ikkje-medisinske frivillige som hjelper til med å organisere og gjennomføra «surgery missions». Det er den frivillige organisasjonen Operation Smile Thailand som er medisinsk ansvarleg og står for den medisinske planlegginga og gjennomføringa av operasjonane.

Les om opplevinga til Wenche, Gunnvor og Svein og meir om kva Kids Action for Kids arbeider med her.

Fekk Lions med på laget

Då Wenche kom heim frå reisa har ho ikkje kvilt på lauvbæra.

– Eg lurte på kva eg kunne gjera no for å hjelpa vidare, og sidan eg er medlem i Lions så starta eg med å kontakta nær alle klubbane i distriktet.

Ho sendte ut søknad om pengestøtte til KAFK og fleire av dei har gjeve positiv tilbakemelding.

Den ivrige pensjonisten har til no klart å samla inn 75.000 kroner frå Lions og private gjevarar, og sidan eit firma i Bangkok, Benchachinda, har avtale med KAFK om å dobla alt dei samlar inn så har Wenche klart å skaffa 150.000 kroner. Det vil sei at 30 born får moglegheit til å opererast.

Etter at det blei kjent kva Wenche arbeider med så har fleire private tatt kontakt med ho for å bidra.

– Ein eldre mann kom på døra mi med ein konvolutt med pengar til KAFK. På Amfi Os møtte eg ei som sa ho ville hjelpa og eg fekk høyra at ho hadde satt inn penger på kontoen til organiasasjonen, fortel ho og seier ho er heilt overvelda over engasjementet.

To av dei mest lojale bidragsytarane

Torgunn Aas Reggestad frå KAFK beskriv Wenche og dottera hennar Vibeke som bur i Bangkok, som to av organisasjonen sine mest lojale støttespelarar.

– Vibeke har vore med og støtta oss i mange år. Ho har vore med på fleire «surgery missions» og gjort ein kjempejobb med å stå på og hjelpe der det trengs, òg som oversettar sidan ho snakkar bra thai. I tillegg har ho arrangert fleire smykkesal gjennom bedriften sin Felicia Design der overskotet har gått til KAFK og vore ein solid bidragsyter, seier Reggestad.

– Som frivillig på «Surgery mission» i Mae Hong Son i Nord-Thailand delte Wenche ut bagger og leika med ungane innimellom operasjonane. Etter at ho kom heim har ho gjort ein stor innsats for å samla inn penger sjølv og gjennom støtte frå Lions.

Sel klær for KAFK på marknadsdagane

Reggestad har òg vore og heldt foredrag om KAFK for Lions i Os. Ein av dei andre medlemma i klubben Franzie Lerch blei inspirert til å gjera noko for organisasjonen.

– Ho kjem til å selja fint brukte klær på stand på marknadsdagane saman med born frå bygda, fortel Wenche.

– For dei som vil støtte Kids Action for Kids, men ikkje har moglegheit å koma på marknadsdagane så kan dei gå inn på nettsida til KAFK og donere der.

Born hjelper born

Wenche er framleis opptatt av å få med fleire born til å vera med å samla inn penger til KAFK, då organisjasjonen sin grunntanke er at born hjelper andre born. Ein av dei unge som har engasjert seg i KAFK er Emma Thams Mjåset på 13 år som bur i Thailand med familien. Dei flytta ned frå Drøbak for fire år sidan då mora hennar fekk jobb der.

– Vi bur i ein liten landsby med folk frå mange ulike land. Her bur òg familien til Torgunn og det var ho som introduserte meg til KAFK, fortel Emma.

Ho hugsar godt første julefeiringa der alle skandinavarane laga julemarknad og alle pengane gjekk til å hjelpe born i Thailand.

– Då forstod eg kor viktig det er å hjelpa andre når ein har det så bra sjølv og det er eigentleg så lite ein treng å gjera. Sånn bør verda vera.

– Dei var så glade

I vinter var ho med på «surgery mission» til Mae Hong Son saman med mora si.

– Eg syntest det var veldig flott å sjå alle borna på sjukehuset då dei møtte opp. Alle var så glade trass i at mange hadde store skader og det var heilt klart at dei var veldig fattige.

Emma sin jobb var å aktivisere og leike med borna noko ho likte godt.

– Dei leika med sprettballar, teiknesaker og sprang rundt og likte godt å bli leika med.

–Eg skulle ønska at vi alle som har så mykje kunne gitt litt av det vi har og at unge kunne støtte KAFK og få oppleva kor godt det er å hjelpa andre, seier den engasjerte 13-åringen.

Ikkje ferdig å hjelpa

Ei som ikkje er ferdig med å hjelpa er Wenche Lyssand, i følge ho sjølv har ho så vidt byrja.

– Og eg har jo enno betre tid no når eg er blitt pensjonist.

–Det er så kjekt å jobba med eit 100% målbart prosjekt der alle pengane går til borna. Det er utruleg gjevande å veta at du er med på å redda liv.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.