Eivind Hovden har jobba side om side med Os brannvesen fleire gongar, både på leiteaksjonar og som her, på storøvinga han i fjor leia på Lysøen. (Foto: Andris Hamre/Varde Media)

– Eg har svært godt inntrykk av Os brannvesen

Bli kjent med den komande brannsjefen, Eivind Hovden.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Stillinga som brannsjef i Bjørnafjorden kommune hadde tolv søkjarar. I dag blei det kjent at Eivind Hovden har fått jobben.

Hovden jobbar som operasjonsleiar i Sivilforsvaret, distrikt Hordaland. Han fyller 48 år i sommar, er trebarnsfar, kjem frå Minde i Bergen og flytta til Arna på 1980-talet.

– Eg bur framleis i Arna, og har plan om å bli buande. Derfrå er det omtrent like lang reisetid til Os som til Fusa, seier Eivind til Midtsiden.

Bakgrunn som offiser og lærar

Den komande brannsjefen har bakgrunn frå Forsvaret. Etter befalskule jobba han blant anna som offiser på Ulven leir i Os, då dei i starten på 90-talet framleis hadde rekruttskule.

– Etter dette tok eg lærarutdanning og jobba som lærar i ti år.

Han underviste på mellomtrinnet i blant anna i IKT og kroppsving. Samtidig hadde han ein fot i Forsvaret, som troppsjef i Heimevernet.

Kjenner Os og brannvesenet frå før

I 2007 blei Hovden tilsett i Sivilforsvaret, der han no går frå stillinga som operasjonsleiar. Via denne stillinga har han blant anna blitt betre kjent med Os.

– Eg har samarbeidd med Os brannvesen både på øvingar og under leiteaksjonar. Eg har eit veldig godt inntrykk av Os brannvesen og kompetansen leiinga og mannskapen sit på, dei ligg. Dei ligg langt framme også innan beredskap og planverk.

Les òg:
• Drilla samhandling i Os sentrum for første gong (2013)
Trener ny spesialstyrke (2017) 

– Eg har tilsvarande godt inntrykk av leiinga av kommunane Os og Fusa, og er audmjuk og glad for at eg fekk jobben, seier Eivind Hovden.

Målet er at han skal tiltre i stillinga i august.

Fleire saker