- Eg kunne dødd
- Eg har hatt englevakt i snøen, seier 19-åringen som med høg promille heldt på å frysa ihjel natt til 2. juledag.


Natt til 2. juledag fekk politiet melding om ein sakna gut i Os. Politiet dreiv søk parallelt med telefonrunde i fire timar, fram til nokon i 7.30-tida ringte og sa at dei hadde tatt hand om han.
- Eg var så full at eg ikkje klarte å forklara kor eg var. På eit tidspunkt trur eg at eg har ramla. Kameraten min høyrte mykje banning, og så høyrte han meg lågare og lågare, fortel Adrian Søgnen Olsen til bt.no.
Etter eit vorspiel i Lysefjorden var han i Os sentrum for å gå på ein av utestadane. Han hadde då drukke ei heil flaske med Jägermeister pluss noko whiskey. Etterpå blei han kjørt til nachspiel, men sidan det var så glatt klarte ikkje sjåføren å kjøra heilt fram til huset festen skulle halda fram i.
I ei tynn skjorte, i rundt 15 minusgradar, heldt det på å gå gale med Adrian. Men han hugsar at han på eit tidspunkt tenkte at «hvis jeg ikke skjerper meg, så kommer dette til å gå til helvete».
Først tok han seg til eit hus der ingen var heime, så til eit anna hus i Klokkargarden, der ekteparet Gunvor og Svein Døsen tok han inn. Sidan han var så nedkjølt slo dei alarm.
Kroppstemperaturen til Adrian hadde kome opp i 35,5 gradar då han kom til sjukehuset. Promillen var framleis over 2.
19-åringen seier han fortel historien sin til Bergens Tidende for å åtvara andre.
- Det er vel berre det at ein ikkje bør drikka så mykje, enkelt og greit.