– Det har aldri vore fleire benkar og blomar i sentrum, også utanfor restauranten, seier Søviknes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Eg lurer på om folk har gløymd korleis torget såg ut

Søviknes svarer på innlegg om å fjerna torgbygget.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Måndag publiserte Midtsiden eit lesarinnlegg av Marit Lutro, som har starta ein kampanje for å få torgbygget i Os sentrum fjerna.

«Da Osøyro ble fornyet, fikk vi vite at det skulle komme et utested omtrent der kiosken i sin tid sto. Flott, tenkte jeg. Men skuffelsen var stor da vi så at hele torget ble tatt fra oss» skriv Lutro.

Ho presiserer at ho ønskjer restauranten Havnechefen alt godt, men meiner bygget er feilplassert og for stort. No vil ho prøva å samla 300 underskrifter, noko som vil vera nok til at saka må takast opp politisk.

Responsen har vore blanda. Mange har kommentert kort at dei er einig, eller skrive «endeleg er det nokon som seier ifrå». Men uvanleg mange, til å vera eit innlegg som er kritisk til kommunen, har stilt seg undrande til forslaget:

• «Har jo aldri vert så mye folk i os sentrum så no etter havnechefen. Er jo nok med plasser og sette opp juletree eller og sitte på benk og glo.»

• «Hva med å flytte de gamle benkene fra Flåten ned dit? Det var jo mange som skulle gå i fakkeltog og boikotte senteret da fontenen der ble fjernet.»

– Heilt uaktuelt

Om kampanjen får nok underskrifter, og politikarane skal behandla saka, er ordføraren tydeleg på kva han meiner.

– Bygget kosta rundt 10 millionar kroner å bygga. Det er heilt uaktuelt å riva, eller å gjera forsøk på å fjerna bygget, seier Terje Søviknes (Frp).

– Det ser ut som om det er fort gjort å gløyma. Med unntak av nokre få arrangement var torget meir eller mindre ubrukt og tomt for folk. Det var nokre parkeringsplassar der, litt asfalt, noko stein og to-tre benkar.

Søviknes meiner at bygget og restauranten har gjeve heile sentrum eit løft, med liv i sentrumskjerna på dagtid og kveldstid, både vekedagar og helg.

– Eg les at Lutro saknar blomar og benkar, men det har aldri vore fleire benkar og blomar i Os sentrum enn no, mange av dei er under baldakinene, på plassar der du kan sitja og nyta medbragt om du vil.

Det var i eit lesarinnlegg på tampen av valkampen i 2011 han sjølv lanserte visjonen «Liv på Øyro», med tilhøyrande teikningar av eit bygg på torget.

• Les innlegget: Liv på Øyro - ein visjon

Storleik og plassering

– Nybygget blei noko større, og kom tettare på Drageset-bygget, enn det fleire hadde sett for seg. Kvifor?

– Det var eit klart ønskje om ein kafé eller restaurant i bygget. Då treng vi plass til teknisk rom, garderobe til tilsette, toalett, også til rørslehemma - og eit kjøkken. Havnechefen har godt med plassar på dagar det er greit å sitja ute, men er i realiteten ein ganske kompakt restaurant.

Også plasseringa tett på Drageset-bygget og Oshjørnet har vore bevisst.

– Ved å trekkja bygget i den retninga blei den opne delen av torget større, i tillegg blei det tryggare for fotgjengarar å kryssa gata. No er i tillegg Øyro blitt «shared space», noko som ser ut til å fungera som vi hadde håpa. Trafikken i sentrum skjer på mjuke trafikantar sine vilkår, bilistane blir meir varsame når folk har lov å kryssa vegen kvar dei vil.

Noko som manglar

Sjølv om Søviknes er nøgd med både storleik, plassering og effekt av nytt torgbygg - og utvalet av benkar og blomar til dei som ikkje vil bruka pengar på restaurant for å ta seg ein pause i sentrum - er han einig i at ikkje alt har blitt som det først var tenkt.

– Vi hadde mål om å få ein plass under tak for utstillarar som ville driva torghandel, eller for frivillige lag som ville selja lodd. Dette skulle koma som del av restauranten, eller i tilknyting av denne.

– Ein sånn funksjon har vi førebels ikkje, men det er heller ikkje for seint å få på plass.

– I august kom nabo Per Tore Bakketeig med ein idé om å riva Os Bygg og Eigedom sitt bygg, Oshjørnet/Baronsgården, til fordel av eit torg. Trur du det kan bli aktuelt?

– Nei. Os Bygg og Eigedom kjøpte bygget for 16 millionar kroner. Men tilleggstomta bort mot elva, som dei betalte 4 millionar kroner for, er noko vi har kjøpt for å bygga ein open plass. Gjerne i kombinasjon med bygging av gangbru over Oselvo.

Fleire saker