– Eg meiner vi var klart best
Os spelte ein målrik bortekamp mot Vadmyra laurdag ettermiddag.
Etter 4-3-siger i førre runde spelte Os i dag borte mot Vadmyra. Heimekampen enda 3-3 etter at Os gav frå seg ei 3-1-leiing.
I dag var det Os som måtte henta seg inn igjen.
– Vi låg under etter ein jamn førsteomgang. I andre omgang var vi klart best, meiner Os-trenar Jørn Vegard Berge.
Vadmyra - Os 4-4 (2-1)
Målskårarar, Os: Christer Olsen 2 og Emil Halver 2.
Berge synest Vadmyra har ein litt spesiell spelestil og fekk nytta medvinden godt før pause.
– Vi brente 3-4 veldig store sjansar før dei gjekk opp i 3-1. Så overtok vi endå meir så dei sleit med å koma seg ut, og utlikna på to kjappe skåringar.
Christer Olsen sette inn det første og tredje målet, Emil Halver det andre og siste.
– Emil gav oss 3-4-leiing, men tre minutt før slutt fekk Vadmyra straffe og utlikna. Dei siste minutta av kampen hadde begge lag nokre gode sjansar, men det blei poengdeling i dag.
Os speler neste kamp heime mot tabelltoar Sotra laurdag om ei veke (kl 16).