midtsiden

- Eg skal skåra!

Venstreback Remi Osebakken sa klart i frå i pausen, og i 2. omgang sette han inn 5-0-målet for Os 2.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

4. div. avd. 1:
Os 2 - Rosendal 6-1 (2-0)

Målskårarar: Ramo Racic, Christer Olsen, Espen Kopperud, Preben Borgen (2) og Remi Osebakken.

Os starta med (4-2-1-3): Marcus Dalland, Baste Jonassen, Vegard Borgen, Dani Bergstø, Remi Osebakken, Tore Valvik, Preben Borgen, Ramo Racic, Sven Lyssand, Christer Olsen og Espen Valvik.

Espen Kopperud kom inn for ein skadd Olsen 2 minutt ut i 2. omgang. John Ole Johannessen og Børge Borgen kom inn for Bergstø og Lyssand i 68. minutt.

Sjansesløsing i starten
Os 2 klatra greit til 2. plass på tabellen i avdeling 1 etter siger over jumbolaget Rosendal på heimebane. Med seg hadde andrelaget til Os Tore Valvik og Remi Osebakken, som begge sona karantene då A-laget slo Hovding 4-0 laurdag.

- Vi starta med 10 store sjansar dei 15 første minuttane, det var nesten så eg blei litt flau, seier trenar Tore Nielsen.

Men etter ein halvtime byrja måla å koma.

- Ramo skåra på eit innlegg frå Svein i 33. minutt, ni minutt seinar auka Christer til 2-0 etter innlegg frå Espen Valvik.

Osebakken lurte keeper - igjen og igjen
I pausen sa venstreback Remi Osebakken klart ifrå, "eg skal skåra". Og det gjorde han, men først var det innbytar Espen Kopperud sin tur.

- Kopperud kom innpå for Christer, som fekk problem med lysken, og måtte av banen i staren av andre omgang. Kopperud heldt fram der Olsen gav seg, og auka til 3-0 fem minutt etter at han kom på banen.

Preben Borgen auka til 4-0 etter innlegg frå Baste.

- Målet til Remi var ganske tøft. Han finta keeper fleire gongar, han kasta seg ned, reiste seg opp igjen og kasta seg på nytt. Til slutt banka Remi ballen sikkert i nota, fortel Nielsen.

I 80. minutt hadde gjestane sin ifølgje Nielsen einaste sjanse i kampen, og denne skåra dei på.

I 85. minutt skåra Preben sitt andre for dagen, ette innlegg frå Espen Valvik.

Kampen enda 6-1.

Os 2 spelar neste kamp borte mot serieleiar Øygard.

SJÅ TABELL

Etter karantena laurdag spelte Remi Osebakken for Os 2 sundag.

Fleire saker