– Eg trur vi startar tidleg
Ball blei jam: Olav Skorpen minnast eigne ungdomsår når han lager brusteinsjam på Os 17. mai. – Vi får opp nokre spennande musikarar frå Bergen, seier Olav.
Det er rundt 25 år sidan brusteinsball på Osøyro var tradisjon 17. mai. Avsperra sentrum med fest i gatene blir det ikkje i morgon heller, men med nasjonaldag på ein torsdag er det duka for feiring, også for dei vaksne.
– Det hadde vore kjekt med eit ball på Øyro igjen, men eg trur vi får halda oss til det vi kan best, seier jam-kongen i Os.
– Vi har hatt mykje folk på jam, spesielt til jul og påske,og når det er mange som har fri fredag, og ei skikkeleg langhelg i vente, trur eg vaksen ungdom vil få både barnevakt og lyst på ein tur ut.
Opning klokka 6 (!)
Bar2Be fleskar til med opning klokka 06.00 (!) i morgon, men ventar nok ikkje at det blir livemusikk før rømmegrauten har kome skikkeleg på plass i magen.
– Men eg trur vi byrjar tidleg i morgon, i 21-tida, kanskje før, om folk er klare.
– Eg ventar opp nokre musikarar frå Bergen, dei ser fram til feiring på Os. Blant anna ser det ut som om Tina Indrevær (Idol 2011/song under opninga av nye IKEA)
– Ta med instrument!
Skorpen inviterer samtidig osingar på scenen.
– Ta med eit instrument, som du har plan om å bruka, og du kjem gratis inn, lover han.