– Eg trur vi tar sol i år
I morgon startar Tysnesfest, som i år får sol og rundt 25 gradar under heile festivalen.
Tysnesfest har vakse fort og jamt, frå 15.000 til 22.000 frå 2010 til 2012.
Les òg: Fekk Fox i armane
Festivalen har ikkje alltid hatt stabilt, varmt sommarvêr, sjølv om festivalen blir arrangert i juli – men i år er det full klaff.
– Vi har aldri selt så mange billettar på førehand som no og vi har aldri hatt så fine vêrmeldingar for festivalen, seier Sigvard Madsen.
Sjå vêrmelding for Våge.
– Det har ofte vore nokre dagar med sol, men aldri kvar dag og med dei temperaturane som no er meldt.
Fint vêr viktigare enn god førehandssal
At salet ligg godt framfor fjoråret er ikkje like viktig som dei gode vêrmeldingane, ifølgje festivalsjefen.
– I fjor var vi utselt for festivalpass, i heile år har vi lagt godt framfor fjoråret. Men du veit aldri kor tid lyspæra ryker i butikken, kor tid salet eventuelt stoppar opp, det er dei gode vêrmeldingane som fjernar klumpen frå magen.
– No føler vi oss trygge på at det går bra i år òg, i tillegg gler vi oss på vegne av både publikum og dei frivillige over at det i år blir ei ekstra varm og fin oppleving å vera på Tysnesfest.
Transport til og frå Os
Mange osingar reiser til og frå Tysnesfest i eigne båtar, eller med ferje for å overnatta i telt.
Dei siste åra har Epos supplert med transport mellom Os og Tysnes, men den båten er no opptatt.
– Vi har steppa inn med MS Midthordland, men sidan Midthordland går på cruise rundt Tysnes på dagtid har vi med oss Strønens Båtservice med Godøysundekspressen, fortel Helge Andersen.
Torsdag, fredag og laurdag går Godøysundekspressen eller MS Midthordland frå Os til Tysnes på ettermiddagen og heim igjen på natta.
Rutetider finn du her.
– Vi sel kun tur-retur-billettar, og dei som kjøper på førehand er sikra plass heim igjen. Det har vore ganske fullt, spesielt på heimreisa, dei siste åra, seier Andersen.
Tysnesfest – dag for dag
Tysnesfest startar onsdag. Frå klokka 10 er ein stor, internasjonal matmarknad open, klokka 13 er det barneunderhaldning, klokka 16 er det tid for den årlege O-fag-ekspressen og på kvelden skal Hekla Stålstrenga spela konsert.
Her er nokre høgdepunkt/namn frå programmet frå torsdag til søndag.
TORSDAG:
• Kåring av Tysnesfest' sterkaste - kvalifisering
• Aurora Aksnes
• Postgirobygget
• Oslo Ess
• Status Quo
FREDAG
• Sirkusskule
• Finale i Tysnesfest' sterkaste
• Kassabilløp, Tysnesfest Grand Prix
• Henning Kvitnes
• Ylvis
• Karpe Diem
LAURDAG
• Statsminister Erna Solberg er gjest
• For barn og undgom på dagtid: Karius og Baktus (kl 13) og Admiral P (kl 15)
• Lothepus frå Fjorden Cowboys speler konsert (kl 16)
• Vidar Johnsen
• Morten Harket
• Timbuktu og Damn
• Gabrielle
• Leningrad Cowboys
SØNDAG
• Historisk rundreise på Tysnes
• Konsertar med Anita Skorgan