Næringsliv | 21. mars 2011

- Ei fantastisk mottaking

Christian Stokke Mathisen er overvelda over responsen Smakverket har fått frå Osbygda.

- Ei fantastisk mottaking
Andris Hamremandag 21. mars 2011 15:18

11. mars blei det kjent at Smakverket skal ha ansvaret for serveringa i Oseana. Då Midtsiden møtte dei på Flåten i samband med 100 dager att til opninga fortalte Christian Stokke Mathisen og Bjørn Mogenstad at dei kom til å trenga folk og at dei ville arrangera kurs.

- Responsen har vore heilt fantastisk, fortel ein entusiastisk Christian Stokke Mathisen.

- Folk frå 17 til godt vaksne har tatt kontakt på facebook, e-post og telefon.

- Sjølv den gamle sjefen min har måtte svara på spørsmål fordi folk har funne ut kor eg jobba tidlegare og ringt dit, ler Stokke Mathisen.

Stokke Mathisen fortel at dei førebels vil gå vidare med dei som er 18 år eller eldre av hensyn til lovgivinga i samband med alkoholservering.

Også dugnad

Ei gruppe av dei som har meldt si interesse er Os Musikkforening som er interessert å bidra på dugnad.

- Selvfølgeleg er lag og foreningar som ønskjer å gjere ein dugnad velkomne til å ta kontakt. På dei største tilskipningane kjem vi til å trenge 50-60 servitørar og då kan ei forening vere eit godt supplement.

- Men vi stiller dei same krava til dei som vi gjer til dei som blir tilsett med tanke på opptreden, kva klær dei har på seg og korleis dei serverar, forklarar Stokke Mathisen.

Han ser difor for seg at dei arrangerar servitørkurs også for dei foreningane dei innleiar samarbeid med.

Kurs i kommunehuset

Ein av dei som har engasjert seg er ikkje uventa ordførar Terje Søviknes.

- Han har tilbydd oss å låna lokalar i rådhuset til å halde dei lokale servitørkursa, så no ventar vi berre på ei tilbakemelding på kva datoar som er ledig før vi sett i gang i Os, fortel Stokke Mathisen.

Stokke Mathisen fortel at eit 50-tals osingar har meldt si interesse for jobb og kurs, men han har framleis plass til fleire.

- Det verkar som om det er mange som kan tenka seg ein deltidsjobb, eller som ønskjer seg kortare reiseveg enn til Bergen.

Om du ønskjer meir informasjon kan du kontakta Stokke Mathisen på christian@smakverket.no.

Slik blir tilbodet

Smakverket kjem til å halda open kafe med lunsjrettar frå 11-16 på kvardager.

Restauranten opnar igjen kl 18 og held open til 23.

- I tillegg får vi jo ansvaret for all anna servering når det er arrangement i huset, avsluttar Stokke Mathisen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.