Kultur | 26. jan. 2013

– Ei fantastisk tid

Sidan 2009 har Galleri YRiOs halde til i "Visningssenteret". No er lokalet selt og kunstnarane må ut.

– Ei fantastisk tid
Jarl-Hugo Låstad (midten) saman med kunstnarkollegaene Odd Olav Nøss og Borghild Bø før juleutstillinga i YriOs i 2011. (Foto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandlørdag 26. jan. 2013 08:35

I desember 2012 blei det kjent at ABO Plan & Arkitektur AS har kjøpt det 500 kvadratmeter store lokalet i Vindu mot fjorden.

Lokalet, kjent som "Visningssenteret", blei selt frå Os kommune for 9,3 millionar kroner.

Les òg: "Visningssenteret" er selt og Vil bygga eit kompetansehus

Takkar ordføraren

Midten av mars er siste frist for dei ni kunstnarane knytta til Galleri YRiOs.

– Dette lokalet er jo ideelt. Eg trur vi blir husokkupantar, sa kunstnar og den gong eigedomsforvaltar i Os kommune, Kari Fjeldstad under opninga av YriOs i juni 2009.

Les òg: Sensuelle Yr

Kunstnarane er takksame for tida dei har fått i Visningssenteret.

- Eg skreiv til ordførar Terje Søviknes og takka han for dei flotte tre åra og åtte månadane vi har fått i Visningssenteret, fortel kunstnar Jarl-Hugo Låstad.

- Og så ønska eg han lykke til med salet.

Tida som kunstnar i Visningssenteret skildrar han med eitt ord: Fantastisk!

Veien vidare

Kunstnarane i Galleri YRiOs har halde møte og det ser ut som alle ni ønskjer å halda fram med felles utstiling.

- Kvar vi kjem til å halde til er enno usikkert, seier Låstad, som blant anna har hatt ein stor avdukingsseremoni av portrett av trommeslagaren Magne Lunde i YriOs.

Les òg: Sur og konsentrert

I neste veke skal tre representantar frå Galleri YRiOs i møte med Os kommune for å høyra om kommunen har lokale kunstnarane kan flytta til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.