Lokal | 21. sep. 2012

– Ei farleg trafikkfelle

Går i bilvegen for å unngå dam: Tre gongar dei siste to vekene har ein mosjonist sett skuleungar i nestenulykker grunna ein stor dam ved Byvegen.

– Ei farleg trafikkfelle
Denne dammen får enkelte ungar til å hoppa ut i Byvegen for å unngå å bli våt på beina. – Berre flaks at det ikkje har skjedd ei ulykke, meiner innringar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. sep. 2012 11:44

– Foreldre bør snakka med ungane sine og vegvesenet bør drenera fortauet snarast, meiner ein Midtsiden-lesar.

Han joggar ofte forbi den store dammen på fortauet ved avkjørsla til Kuven frå Byvegen.

– Av og til er eg forbi i tida då elevar går til eller frå skulen og tre gongar dei siste vekene har eg sett ungar hoppa ut i vegen, på utsida av autovernet, for å unngå dammen.

– Ungar ser seg ikkje alltid for før dei går ut i vegen, det er berre flaks at ingen har blitt påkjørt til no, meiner han.

Mosjonisten har sjølv prøvd å staka opp dammen utan hell, men meiner det no er vegvesenet eller kommunen som bør ta tak i problemet.

– Fram til dammen er vekke kan foreldre også ta ein prat med ungane sine, og heller be dei ta støvlar på eller klatra opp på muren viss dei ikkje vil bli våte. Det er livsfarleg sånn enkelte held på no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.