Næringsliv | 30. apr. 2011

Ei god veke for NDM

Noreg, Polen og Dubai: Første veka etter påske har NDM sikra seg kontraktar med både gamle og nye kundar.

Ei god veke for NDM
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. apr. 2011 07:16

Norwegian Deck Machinery (NDM) har denne veka fått kontraktar for leveranse av vinsjar til nybygg. I løpet av kort tid har dei med det sikra ein stor ordremasse, og det frå både eksisterande og nye kundar.

– Dette er gode indikasjonar på at vi er konkurransedyktige i ein marknad som krev effektiv gjennomføring av prosjekt og god design på produkta vi leverer, seier Sverre Mowinckel-Nilsen i NDM.

– Nye kontraktar med tidlegare kundar stadfester at dei er nøgd med det vi leverer, samstundes er det spennande at vi klarer å bli valt som leverandør på verft som er heilt nye kundar for oss, legg han til.

Fleire leveransar til Dubai

Blant dei nye kontraktane til eksisterande kundar er løftevinsjar til to vindmølleinstallasjonsfartøy som Lamprell Energy i Dubai bygger for det norske selskapet Fred. Olsen Windcarrier.

– I fjor fekk vi kontrakt på leveranse for alle dekksvinsjar til desse to fartøya, det er gledeleg at dei også vel NDM på løftevinsjane, seier Mowinckel-Nilsen.

Fire gassferjer i Polen

Remontowa Shipbuilding i Polen blei etter påske ny kunde for NDM. Verftet skal bygga fire gassferjer for Torghatten Nord AS, desse skal gå på Indre og Ytre Vestfjorden og har ein kapasitet på 80-120 bilar og har plass til 390 passasjerar.

NDM skal levera komplette vinsjpakkar til alle dei fire ferjene. Vinsjane skal leverast i tidsrommet frå oktober 2011 til mai 2012.

Femte kontrakt med Hellesøy

Den siste veka har NDM fått kontrakt på nytt bygg ved Hellesøy Verft AS.

– Dette er den femte kontrakten vi inngår med Hellesøy og består av same type vinsjleveranse vi har hatt til alle dei tidlegare nybygga på verftet.

Kontrakten gjeld bygg nr. 149, eit PSV-fartøy av typen VS485.

Treng fleire tilsette

– For oss i NDM er det gledeleg at marknaden no byrjar å bli betre og det er sjølvsagt veldig bra at vi klarer å vinna så mange kontraktar som vi gjer i år, seier dagleg leiar i NDM, Jarle Sørstrønen.

– Vi har ein effektiv organisasjon med mange dyktige medarbeidarar som gjer sitt til at vi no ser veldig lyst på framtida. Samstundes har vi fleire andre prosjekt vi jobbar med, den største utfordringa vår no blir å få tak i nye medarbeidarar som kan ta del i den vidare veksten, seier Sørstrønen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.