Lokal | 09. mai 2011

– Ei lettselt utgåve

I maiutgåva av Megafon er det 8 sider om Os. – Det er lett å selja Megafon i Os, spesielt denne utgåva, seier Jone Moland.

– Ei lettselt utgåve
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 09. mai 2011 20:28

«Mellom bygd og by» er tittelen på ein 8-siders reportasje om Os i maiutgåva av Megafon. «Os vokser. Som Bergens lillebror har den et markeringsbehov» heiter det i innleiinga.

– Eg trur eg er den einaste som sel Megafon i Os. Mange er interesserte og stoppa for å kjøpa, seier seljar Jone Moland.

I reportasjen fortel ordførar Terje Søviknes om Os inspirerer-prosjektet, om korleis han trur merkevarebygginga har hatt effekt, og om lanseringa av «Fjordbyen Os», der han kanskje gjekk litt fort fram.

Sentrumsutvikling blir drøfta med Hans Anton Kleiven, som legg ned i juni, og Borghild Strønen, som i helga opna Kafé Engeline i Os sentrum.

– På ein god månad sel eg 200 magasin. Dette er ein grei jobb å ha, eg bestemmer sjølv kor tid eg vil ut og gjera ein innsats og i dag er ein fin dag å vera ute i felten, seier Jone.

Megafon er eit gatemagasin som «jobber aktivt for å fremme rettferdighet, likeverd, og medmenneskelighet i samfunnet vårt».

Her kan du lesa meir om Megafon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.