Ei natt med lause hundar
Politiet i Os har tre notat frå i natt, to av dei handlar om hundar.
Politiet fekk i natt melding om at to lause hundar rota rundt i Os sentrum.
– Det var to vaksne golde retrieverar. Den eine hadde ein kjetting rundt halsen, men ikkje noko band. Det skal ha sett ut som om dei hadde det bra, og brått var dei vekke, fortel Gustav Landro, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Politiet rykte ikkje ut på denne meldinga, men fekk iverksett tiltak då det i 6.30-tida kom inn melding på ein annan hund.
– Denne sto fast i eit nabolag på Søfteland. Då folk gjekk bort til han blei han aggressiv.
Politiet ringte Fant, som tok oppdraget, og kort tid seinare blei hunden henta av eigar.
I 2-tida same natt, også det på Søfteland, stoppa politiet ein mann i 20-åra.
– Han hadde noko narkotika på seg. Han blei dimittert etter avhøyr og det er oppretta sak, opplyse Landro.