Linda Eide kjem til Oseana fredag og laurdag med framsyninga «Oppdrag Mottro». (Foto: Ane Bysheim) 

Ei personleg jakt i ei felles fortid

Linda Eide og «Oppdrag Mottro» i Oseana til helga.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

På fredag og laurdag kan du oppleva fenomenet Linda Eide i Oseana.

Eide er kjend som forfatter og journalist. Ho jobba lenge i radio, men dei siste åra er ho nok mest kjend som programleiar for programmet «Norsk attraksjon». I 2017 fulgde ho opp suksessen med «Eides språksjov».

I haust er ho på turné på Vestlandet med framsyninga «Oppdrag Mottro». 

I framsyninga får publikum møta i ei varm og vittig Linda Eide, der ho utforskar både si eiga mor og det mytiske omgrepet gamle dagar.

Framsyninga er ei personleg jakt i ei felles fortid, ei tankevekkande framsyning med mat til både hjarte og hovud. Latteren skal sitja laust, men bak skal det òg lura ei tåre. 

Strålande kritikkar

«Oppdrag Mottro» vart spelt på Hordaland Teater i Bergen hausten 2018 til stor suksess med fulle hus, og framsyninga fekk veldig gode kritikkar i pressa:

Bergens Tidende: Med hjerte og hjerne! I en mesterlig monolog gjør Linda Eide sin familiehistorie allmenngyldig og viktig. Det er et stykke norgeshistorie, en morsom forestilling og en rørende seanse».…. «Og til sist: for en scenepersonlighet Linda Eide er. Skulle tro hun aldri hadde drevet med noe annet enn scenekunst.

Dag og Tid, Jan Landro: Med Oppdrag Mottro har Hordaland Teater, som har flytta frå Fana til Bergen sentrum, vunne nok ein siger og synt både bergensarar og strilar at det finst eit godt nynorskteater i hjarta av byen.

Avisa Hordaland: Trampeklapp for Linda og Mottro. Kor mange gonger har me ikkje høyrt at den store kunsten ligg i å gjera det personlege og eigenopplevde til noko allment attkjenneleg? I så måte er Linda Eide sin monolog Oppdrag Mottro stor kunst.

Linda Eide er også aktuell som prismottakar av årets «Storegut», som ho fekk under prisutdelinga på Litteraturfestivalen i Vinje laurdag 24. august.

Fleire saker