Som vi skreiv om i går kjøyrde ein mann av vegen i Hatvika Laurdag morgon. Resten av helga har vore stille og roleg for politiet i Os.
- Vi fekk melding om bråk i ei leilighet i Os sentrum i eitt-tida natt til laurdag, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
- Det skal ha vore gamle konflikter som har blussa opp att der fleire sloss med kvarandre. Kven som starta bråket er ikkje mogleg å seie, men det blei ingen personskadar. Vi avventar om noko vel å anmelde kvarandre, fortel Halder-Olsen.
Lause sauer
Politiet har òg fått inn ei melding om at det var sauer i vegen ved Lepsøykrysset tidleg laurdag ettermiddag. Dette skal ha forårsaka at to bilar har kjøyrd i kvarandre bakfrå.