Lokal | 02. juli 2010

Ei veke i grøfta

Politiet gjev opp å få tak i eigarane og bestiller tauing på bilen som har stått i grøfta på Halhjem i nesten ei veke.

Ei veke i grøfta
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. juli 2010 08:54

Natt til laurdag kjørte denne bilen av ferja på Halhjem og kolliderte i rundkjøringa rett ved kaien. Sidan har den blitt ståande.

- Det blei gjort ein avtale med dei som kjørte bilen, om at dei sjølv skulle få den fjerna. Det har ikkje blitt gjort og vi har ikkje lukkast i å koma i kontakt med eigaren igjen, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen til Midtsiden.no fredag.

Politiet har også prøvd å oppsøkja eigaren der han tidlegare har budd.

- Bilen og eigaren er utanlandsk. Kvifor det er ulike skilt framme og bak veit eg ikkje, seier Hadler-Olsen, som i dag har rekvirert tauing av bilen som etter ulykka har stått på snei ved rundkjøringa mellom E39 og vegen til Bjørnen.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.