Lokal | 23. okt. 2011
Eigaren er funnen
– E da du som har funne hamsterhjulet mitt?
Kjetil Vasby Bruarøysundag 23. okt. 2011 19:03
Laurdag fann hummarfiskarar eit større rørsystem flytande på fjorden ved Sandholmane.
Dei slepte det til Os og fortøydde det ved Os Sjøfront.
Søndag var eigaren tipsa av ein av dei tilsette.
– Vi la røra i ei blåse fredag, sånn vi plar gjera når vi har levert fisk. Laurdag var dei vekke, men vi oppdaga ikkje at dei var vekke før vi las om det, fortel Arild Legland hos Bolaks.
Røra låg ved Skrubba, som ligg mellom Strandvik og Baldersheim, før dei sleit seg.
– Eg kjem til Os og hentar det i morgon, og vil samstundes retta ei stor takk til Tom Ole og Rolf Drange som tok seg bryet med å slepa dette til land, seier Legland.