Lokal | 09. aug. 2014

Eigaren meldte seg

Eigaren av speedbåten som brannvesenet heva frå Oselvarhopen måndag har meldt seg. Båten var stolen.

Eigaren meldte seg
Speedbåten ligg no på land ved Oselvarnaustet (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrelaurdag 09. aug. 2014 09:14

Laurdag for ei veke sidan sakk ein speedbåt som låg i Oselvarhopen ved Vindu mot Fjorden. Brannvesenet fekk måndag båten på land, og fortalde at dei såg på båten som avfall om ikkje eigaren meldte seg.

– Fredag meldte han som truleg er eigaren seg etter å ha lest om båten på Midtsiden.

– Båten skal ettersigande ha blitt stole frå Ytterøya.

– Eigaren, som bur i Stavanger, hadde eigentleg avskrevet båten etter tjuveriet, fortel hamnesjef Gitle Smaadal frå Os brannvesen.

Må sannsynleggjera eigerskapet

Smaadal har overlett saka til lensmannskontoret.

– Interessa for båten har vore stor etter at vi etterlyste eigaren.

– Det er mange som har kontakta oss for å få overta båten, difor har vi overlatt saka til politiet slik at dei får sjekka at det no er den rette eigaren som har meldt seg, avsluttar Smaadal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.