Lokal | 25. juli 2017

Ein av sju utan forsikring

Påkøyrd i utlandet - rekninga kom på over ein halv million kroner.

Ein av sju utan forsikring
Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige, er uroa over at så mange reiser til utlandet på ferie utan reiseforsikring (pressefoto)
Andris Hamretysdag 25. juli 2017 07:31

Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige, er overrraska over resultata i den ferske undersøkinga.

– Når kvar sjuande innbyggjer frå Hordaland gambler på å reise utan forsikring gir det grunn til uro, seier han. Kun i oslo er det like mange som svarer at dei har reist på ferie uten reiseforsiking.

I tillegg syner undersøkinga, som er gjennomført av Ipsos for Gjensidige, at det er dei unge mellom 18 og 29 år som synder mest. I den aldersgruppa seier 19 prosent eller to av ti det same.

– Det betyr at fleire tusen unge menn og kvinner frå området vårt har gambla på at det skal gå bra, seier Voll.

Må ha reiseforsikring

– Mange unge har ein følelse av at dei er «udødlege og at dette skjer ikkje meg. Her er det dessverre nokon som tek feil.

For mange i denne aldersgruppen er det kanskje første gang dei reiser på ferie til syden eller utlandet utan mor og far. Ungdom er ei utsatt aldersgruppe med tanke på blant anna festing, bruk av alkohol og trafikkulykker.

Kostbare og alvorlege skader

Bilr du skadd eller sjuk i utlandet kan det bli frykteleg dyrt.

– Ein kunde av oss blei påkøyrd av ein bil i USA, der sjåføren stakk av. Kunden hamna på sjukehus og dei totale kostnadane enda på 600 000 kroner.

– Ein anna kunde fekk dykkersjuke på ei reise i Afrika. Behandling og heimtransport endte på ein halv million kroner. Uten reiseforsikring hadde desse utgiftene måtte bli dekt av eige lomme.

– Same kor forsiktig du er, så er det umogleg å gardere seg 100 prosent. Det å dra på ferie til utlandet utan reiseforsikring er eit økonomisk sjansespel, seier Voll.

Desse landa og sjukdommane/skadene er på topp

Oversikta frå Gjensidige viser at det er i Spania, USA, Tyrkia, Thailand og Hellas at dei har dei største utbetalingane på reiseforsikring.

Typiske sjukdommar og skader er «turistmage», luftveisinfeksjonar, hudproblemer, urinveisinfeksjon, tropiske sjukdommer og brot og kuttskader.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.