Lokal | 17. des. 2017

Éin av tre med promille?

Ifølgje ei ny undersøking trur kvar tredje bilist i Hordaland at dei har køyrd med promille.

Éin av tre med promille?
Ikkje køyr med promille (ill.foto: Scanpix/NTB)
Andris Hamresøndag 17. des. 2017 08:40

Svært mange tek sjansen og kombinerer bilkøyring med alkohol. I Hordaland trur kvar tredje bilist at dei har promillekøyrd.

Det viser Gjensidige sin Samfunnsundersøkelse, som er gjennomført av Ipsos med 4000 deltakarar over heile landet.

Undersøkinga viser at kvar tiande bilist i Hordaland av og til drikker alkohol nokre timar før bilkøyring, og beregner når dei er under promillegrensa. I tillegg viser undersøkinga at kvar tredje bilist kan ha promillekøyrd.

– Ikkje stol på rekneferdigheitane når du er på julebord. Drikk du alkohol, bør du la bilen stå. Og må du køyre heim bør du halde deg til alkoholfri drikke, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Rus årsaka til halvparten av dødsulykkene

Ikkje overraskande er menn meir tilbøyeleg til å drikke og køyre enn kvinner. Det er også klart fleire menn enn kvinner som trur at dei kan ha promillekøyrd.

– Sjølv med låg promille auker ulykkesrisikoen kraftig, seier Voll.

Alkohol, narkotika og trafikkfarlege legemiddel er årsaka til nesten halvparten av alle dødsulykker i trafikken i Noreg viser data frå Folkehelseinstituttet.

Inga erstatning for promillekøyrere

Kolliderer du etter å a køyrd i alkoholpåvirka tilstand, kan dei økonomiske og menneskelege konsekvensane bli svært alvorleg. Ikkje berre for dei du eventuelt skader, men også for deg sjølv.

– Kolliderer du på grunn av promillekøyring vil du normalt ikkje få nokon erstatning på forsikringa i det heile tatt. I tillegg får du et erstatningskrav for alle skadene du har påført andre, både personskader og materielle skader. Dette kan fort bli millionbeløp, avsluttar Voll.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.