Lokal | 31. juli 2020

Ein dag utan regn? I så fall er det den tredje i juli

Neste helg skal bli endå finare.

Ein dag utan regn? I så fall er det den tredje i juli
Os hamn onsdag morgon. Resten av dagen blei våt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. juli 2020 06:54

«Juli 2020 kan bli den første siden 1957 uten en eneste høysommerdag for Østlandet, om ikke varmen slår om og kommer fredag» skreiv VG onsdag.

Også på Vestlandet har det vore kaldare enn på lenge, og færre dagar med opphaldsvêr enn normalt. I Bergen har det til no berre vore to dagar utan at det har vore registrert nedbør; fredag 10. og lørdag 25. juli, skreiv BT tysdag.

Vi må tilbake til 1981 for å finna like mange nedbørsdagar i juli.

– Kjem det meir regn dei neste dagane, må vi tilbake til 1920, seier vêrentusiast Robert Næss til Bergens Tidende.

Dagen i dag kan pynta på statistikken

Til no har det vore den kaldaste julimånaden sidan 1998.

  • På den finaste dagen til no, 24. juli, blei det målt 21,3 gradar
  • Snittemperaturen har så langt vore på 13,3 gradar
  • På den kaldaste dagen, 4. juli, blei det målt 6,1 gradar på det vamaste

Men dagen i dag kan pynta litt på statistikken. No har det gjerne vore nedbør i natt, som sørgjer for at dagen i dag ikkje blir registrert som ein tørr dag, men skydekket løyste seg opp på morgonen, og skal ifølgje meldingane fordufta omtrent heilt.

Det er meldt sol og minst 20 varmegradar ut dagen og fram til lunsj laurdag.

Meir finvêr neste helg

Yr melder opptil 24 gradar og overskya, med ei byge i 20-tida laurdag - Storm melder lett nedbør frå klokka 15 og ut kvelden i morgon.

Det er meldt regn ganske samanhengande frå søndag ettermiddag til og med tysdag.

Onsdag og torsdag skal bli noko lettare, mens det er meldt sol og 20-22 gradar neste helg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.