Kultur | 18. sep. 2012

– Ein draumearena

Video: Riksteateret med utselt premiere på "Fruen frå Havet" på Oseana onsdag. - Premiereplassen sa seg nesten sjølv, meiner teatersjef Ellen Horn.

– Ein draumearena
Teatersjef Ellen Horn, saman med regissør Anne-Karen Hytten og Oseanadirektør Kim Kristoffersen (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 18. sep. 2012 12:47

Onsdag har Riksteateret premiere på Henrik Ibsen sitt stykke "Fruen frå Havet" på Oseana.

- Då eg skulle velgje premiereplass sa det seg nesten sjølv.

- Fruen frå Havet måtte jo ha premiere i kulturhuset som ligg i havgapet, smilar teatersjef Ellen Horn.

Sjå Riksteateret sin promo av framsyninga i videoen nedanfor.

Saman med skodespelarane og staben frå Riksteateret har ho tatt turen til Os for å førebu permiera og ein turné kor femti plassar skal vitjast innan utgangen av november.

- Sjølv om premiera er utselt er det mogleg å kjøpa billettar til generalprøva klokka 19 i kveld. Det er berre å møte opp.

- Vi har allereie selt omlag 100 bilettar til generalprøva, skyt arrangementssjef Berit Steen inn.

Blei bergtatt

Sjølv om Riksteateret har vitja Oseana tidlegare er det første gong teatersjefen vitjar huset.

- Eg blei heilt bergtatt då vi kom her med bussen. For ein beliggenheit, skryt Horn.

- Tilbakemeldingane frå staben som vitja huset med Anna Karenina var berre positive. Det var ein herleg stad å spele, med fullt hus og berre glede.

Ei solskinnshistorie

Ellen Horn føler langt på veg ho kjenner huset sjølv om ho ikkje har vore der tidlegare.

- Vi har fått vera med på huset heilt frå det var på teiknebrettet.

- Det samarbeidet vi har hatt med dei som planla og dei som no driv huset er eit eksempel til etterfølgjing.

- Vi blei innkalt til dialog i tide til å få retta opp i dei tinga som ikkje var perfekte frå vårt synspunkt slik at Os no har eit kulturhus som passar oss perfekt.

- Difor var dette ei perfekt anledning for oss å gjera stas på huset, fortel Horn.

Stor stas

Ei anna som strålar likje mykje som teatersjefen er arrangementssjef Berit Steen.

- Det er rett og slett stor stas at Riksteateret vel å legga premiera til oss.

- Dei bringer med seg positiv merksemd og ikkje minst teaterstykke av høg kvalitet, seier Steen.

Fruen frå havet

Fruen fra havet er historia om Elida Wangel som sjølv må ta ansvar for sine eigne val og konsekvensane dei får for andre, Elida som sjølv må setjast fri før ho kan velje fridomen.

Det er sol og sommar når vi møter Elida Wangel i ein liten småby inst i ein fjord. Elida er oppvaksen ytst i havgapet, og har starta eit nytt liv i lag med doktor Wangel og dei to døtrene hans, etter at Wangel si fyrste kone har gått bort. Men Elida lengtar etter noko anna, og plagast av uro. Ho har tidlegare mista eit barn, og ho kjenner seg heller ikkje velkomen i sin nye familie. Ein dag blir ho oppsøkt av mannen som ein gong var hennar store kjærleik, han ho aldri kunne gløyme, som ber henne bli med tilbake til havet.

Dette er eit av Ibsen sine mest aktuelle drama, som omhandlar problemstillingar rundt dei vala vi gjer, kunsten å gjere dei rette vala og korleis dei påverkar oss sjølve og andre. For kven har vel ikkje lurt på i blant korleis livet hadde blitt dersom ein den gongen valde annleis? Og er det verkeleg mogleg å velje det livet ein ynskjer seg?

Hovudrollen som Ellida spelast av Marianne Nielsen. Anne-Karen Hytten, ein av Noregs mest anerkjende Ibsen-regissørar har regien.

Video, 0:37: Riksteateret sin presentasjon av Fruen frå Havet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.