Kultur | 27. aug. 2019

Ein eld som aldri slokna i Griegsamlingen

39 verk av kunstnaren Bernt Tunold skal stillast ut i Oseana.

Ein eld som aldri slokna i Griegsamlingen
På laurdag opnar utstillinga «BERNT TUNOLD. Ein eld som aldri slokna» i Griegsamlingen ved Oseana Kunst & Kultursenter. (Foto: Torkjell Djupedal/ Oseana)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 27. aug. 2019 10:53

Laurdag 31. august opnar utstillinga «BERNT TUNOLD. Ein eld som aldri slokna» i Griegsamlingen ved Oseana Kunst & Kultursenter.

Utstillinga har kome i stand i samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum, og hovedkurator er forfattar og journalist Jan H. Landro.

Landro har tidlegare gjeve ut boka «Bernt Tunold. Vestlandsmålar i grønt og grått» For dei fleste kulturinteresserte i Bergensområdet er Landro kjent som tidligare kulturredaktør i Bergens Tidende.

Dei 39 verka i utstillinga, dei aller fleste utlånt fra private heimar og samlingar på Vestlandet, strekk seg over kunstnarens viktigaste motivkretsar: landskap, interiør, stilleben og portrett.

Landskapa, gjerne inkludert lokal byggeskikk og andre lenkjer til den gamle bygdekulturen, markerer den klart største og viktigaste delen av Tunolds produksjon.

Bernt Tunold har nok lenge blitt ståande i skuggen av dei store namna i norsk landskapsmaleri, ikkje minst den meir internasjonalt orienterte Nikolai Astrup.

Dei senere åra Tunold blitt meir synleg i norsk kunsthistorie, noko Gunnar Danbolt påpekeiker på Griegsamlingens nettsider: «Tunolds stjerne har steget jevnt og trutt i de siste årene, og han har nå fått den plass han fortjener som en av våre fremste klimapoeter.»

Kvart av bilda i utstillinga er ledsaga av ein tekst av Jan H. Landro.

Utstillinga blir opna av Einar Wiig, kunsthistorikar, universitetslektor og forfatter av boka «Bernt Tunold» (1991).

Etter dette blir det ein samtale mellom Jan H. Landro og Per Grieg sr. med utgangspunkt i deres felles interesse for Bernt Tunold.

Bernt Wilhelm Tunold vart fødd 25. januar 1877 på klosterøya Selja og døydde av lungebetennelse i Bergen 23. januar 1946. Han registrerte seg som innflytta i Bergen i 1900, og hadde byen som adresse resten av livet – med unnatak for eit år i Sigerfjord i Nordland (1912-1913) og fire år i Ommedalen i Hyen (1916-1920). Bernt Tunold er representert i Nasjonalgalleriet og andre viktige samlingar. På Slottet i Oslo heng «Våraften efter regn» og «Fra Nordfjord». Desse blei gitt av Sogn og Fjordane og Hordaland fylke i høve kong Haakon VIIs 40-årsjubileum som regent. (Kilde: Oseana.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.