Sport | 29. apr. 2014

– Ein enorm energiboost

I 8 - 10 år har ho kjempa for utviding av crossbanen i Kolskogen. Like før påske fekk Jane Espeland gladmeldinga, kommunen og Forsvarsbygg har blitt einige.

– Ein enorm energiboost
Leiar i Os MC og MX-klubb, Jane Espeland, syner fram området kor den nye banen vil komma (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 29. apr. 2014 08:09

Bildeserie:

Området klubben no får tilgang på er omlag skogteigen markert med raudt (arkivfoto: KVB)
Området klubben no får tilgang på er omlag skogteigen markert med raudt (arkivfoto: KVB)
Statens vegvesen har godkjent banen inntil 15 meter frå senterlinja på Ulvenvegen (foto: KVB)
Statens vegvesen har godkjent banen inntil 15 meter frå senterlinja på Ulvenvegen (foto: KVB)
1 av 2
Området klubben no får tilgang på er omlag skogteigen markert med raudt (arkivfoto: KVB)
Statens vegvesen har godkjent banen inntil 15 meter frå senterlinja på Ulvenvegen (foto: KVB)

Med 222 medlemmar og aktivitet seks av sju dager i veka har det lenge vore behov for ei utviding av crossanlegget i Kolskogen.

Dagens bane er på om lag 400 meter, alt for liten til sjølv å arrangera klubbmeisterskap.

– Eg har vore med i Os MC og MX-klubb i åtte - ti år no.

– Heile vegen har vi kjempa for å få til ei utviding, men det har vore ein bratt bakke å gå i.

– Før siste årsmøte visste eg ikkje om eg orka halda fram, men eg hadde ein følelse av at vi nærma oss noko, så eg måtte vera med eit par år til, fortel leiar i klubben, Jane Espeland.

Dansa ein time

Litt før påske fekk ho gladmeldinga frå ordførar Terje Søviknes (Frp). Kommunen og Forsvaret hadde blitt einige om at kommunen kunne få leiga det tilstøytande området til der klubben har anlegget sitt i dag.

– Endeleg! Eg jubla og dansa rundt på stovegolvet i minst ein time.

– Det var eit skikkeleg energipåfyll til å halda fram, smiler Espeland, som nyttar høvet til å skryta av kommunen.

– Dei har ønska dette for oss. Det er det ikkje tvil om.

Minst dobbelt så stor

Området kommunen no har gjort avtale på, og som Os MC og MX-klubb vil få tilgang på gjennom framleige, gjer at klubben no kan få ein bane på 800 - 1000 meter.

– Det vil bety utruleg mykje.

– I dag er det såvidt alle får køyrd når vi har treningar. Med den nye banen vil dette gå mykje enklare, og vi vil på ein endå betre måte klare å ta hand om dei mange talenta vi har i klubben.

– Vi kan til og med klara å arrangera klubbmeisterskap på eigen bane, seier leiaren.

Os MX og MC-klubb har dei to siste åra vore den beste klubben på Vestlandet, trass knappe treningsfasilitetar.

Detaljplanlegging og skoghogst

Når den nye banen kan stå ferdig tør ikkje Espeland spekulera i, men at det ikkje skal ta for lang tid, har ho eit håp om.

– Vi har teikna litt på korleis det kan bli, men eg håper fleire av medlemmene no set seg ned og lager forslag til korleis dei ser for seg banen.

– Eg håper vi skal sleppa å sprenga for mykje av den knausen som ligg der i dag, slik at vi kan bruka det naturlege terrenget.

– Så fort formalitetane i avtalen er på plass er det eit håp om at vi kan gå i gang med å hogga skogen. Det vil gjera det enklare å sjå for seg kva moglegheiter som ligg der.

Treng 3 millionar kroner

Etablering av den nye banen er eit kjempeløft for crossklubben.

– Eg reknar med at vi treng rundt 3 millionar kroner for å koma i mål.

– Vi må nok ta opp lån for å klara det, men eg håper også at næringslivet på Os vil hjelpa oss.

– Dei unge i bygda fortener fleire tilbod enn berre fotball, handball og dei "vanlege" aktivitetane, avsluttar Jane Espeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.