Ein flott bursdagspresang
Årets bygg: Oseana-direktør Kim Kristoffersen feirar bursdagen sin på Plaza!
Kim Kristoffersen, direktør for Oseana kunst- og kultursenter, er del av delegasjonen frå Os som på ByggeGallaen i kveld mottok pris då Oseana blei kåra til årets bygg.
Les òg: – Vi vann!
– Dette er veldig stort for alle oss på Oseana, ikkje minst for Terje (Søviknes), som har stått oppreist gjennom heile prosjektet og verkeleg drive det fram til ferdig bygg i full drift, seier Kristoffersen.
Sjølv har han bursdag i dag, og den no 38 år gamle direktøren får nok litt av ei feiring i Oslo i kveld.
– Vi spøker med at han feirar dagen sin med sine 500 nærmaste på Plaza, ler Terje Søviknes.
– Frå spøk til alvor; vi er veldig glade for at han er her med oss på bursdagen. Bygget er reist og opna, det er drifta som er viktig i dag og i generasjonar framover. Oseana har fått ein kjempestart og det er Kim og resten av mannskapen hans som gjev oss det viktigaste - innhaldet i kunst- og kulturhuset Oseana, seier ordføraren.