Kultur | 12. aug. 2011

Ein hyllest til kystkvinner

Laurdag opner Galleri Vedholmen utstillinga "Kystkvinner" som ein del av kystsogevekene.

Ein hyllest til kystkvinner
Andris Hamrefredag 12. aug. 2011 09:19

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 4
bilde
bilde
bilde
bilde

På bryggekanten er fem skulpturer montert som ei hyllest til kystkvinnene, dei gode samfunnstøttene.

- Det er ei hyllest til sterke, innovative, empatiske, men ofte ukjende kvinneskikkelser frå området, skriv Vibeke Harild i ei melding til Midtsiden.no

Torsdag blei dei fem skulpturene montert. Sjå bildeserie.

Dei fem skulpturene er laga av Ingunn Dahlin og er ein hyllest til fire forskjellige kystkvinner; Hanna Mathilde Sandsøy (Sandsøy), Ragnhild Garvik (Sundøy), Inga Beate Bruarøy (Bruarøy) og Anne Garvik (Os).

I tillegg til utstillinga på bryggekanten held Ingun Dahlin ei separatutstilling med keramikk inne i galleriet.

Ingun Dahlin er ein av landets framste keramikarar innan skulpturkunsten og har fleire utsmykkingoppdrag på si liste. Ho er utdanna frå Statens Håndverks- og kunstindustriskule og Statens Lærarhøgskule og hatt ei rekke utstillingar over heile landet, samt i Danmark og New York.

Dahlin som er busett i Trondheim, er ein allsidig kunstnar og mest kjend for sine elegante kvinneskikkelser, kystkvinner og englar.

Utstillinga opner med vernissage laurdag 13. august kl 18.

Vernissagen er ein del av opninga av kystsogevekene som i år er lagt til Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.