Kultur | 04. nov. 2010

Ein månad til opning

Arbeidet med bygging av Irish Cat er i gang igjen og dagleg leiar er på plass.

Ein månad til opning
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. nov. 2010 06:37

I starten av oktober fortalte medeigar Espen Risti at det var fem veker sidan ein lekkasje i taket blei oppdaga, og at det derfor hadde vore byggestopp. Først torsdag i førre veke kom arbeidet i gang igjen.

- Då alt var klart til å halda fram var byggefirmaet opptatt, men no er dei i gang igjen og det som står igjen kjem til å fort, trur Risti.

Vil opna om ein månad
Irish Cat har ikkje fått skjenkeløyve enno, men eigarane håper denne er på plass etter handsaming i slutten av november.

- Vi stressar ikkje med forseinkingane, men bør klara å opna i starten av desember. Januar plar vera roleg, så det hadde vore godt å få med seg mest mogleg av julemånaden.

Sjef og søkjarar
Dagleg leiar er på plass til den nye uteplassen i Os, Ole Christian Garmanni skal styra Irish Cat.

- Ole Christian har vore barsjef på Champions og Sin (som Risti eig frå før) dei siste fem åra, og vil no flytta til Os, fortel Espen.

Til dei 12-15 stillingane som bartendar og ryddehjelp har det kome inn rundt 25-30 søkjarar.

- Eit vaktselskap skal passa døra, intervju-runden med søkjarane som vil serverera eller rydda startar truleg i neste veke.

LIVE kvar helg
Risti og resten av leiinga har byrja med planlegginga av opningsfesten. To band skal spela og dette blir langt frå siste gong det blir LIVE-musikk på Irish Cat.

- Vi kjem til å ha band på scenen kvar fredag og laurdag, røper Risti.

Opus held stand
Medan osingane har venta på den nye uteplassen har det vore god drift på den andre uteplassen Risti eig i Os, Opus Café & Bar.

- Eg er veldig nøgd med hausten på Opus, som også skal ha ope heile neste år, altså etter at Irish Cat er opna.

- Det skal blir spennande å sjå korleis det går med ein ekstra uteplass i 2011, men målet er å lokka fleire osingar ut i helgene og det trur eg vi skal klara.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.