Kultur | 25. feb. 2011

- Ein mange kjem til å sakna

Med Solgulls og seinare Musikkverket har Tor Owe Rennemo drive ein populær møteplass på AMFI Os. Måndag er siste opningsdag.

- Ein mange kjem til å sakna
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. feb. 2011 14:01

I desember fortalte Tor Owe Rennemo at 20 år med platebutikk var nok, måndag 28. februar blir siste opningsdag for Musikkverket.

Reaksjonane var mange og samstemte, dette er ein butikk som har betydd mykje for mange, ikkje berre når det gjeld handel, men som ein møteplass for musikkinteresserte og andre som let seg lokka av Tor Owe sitt muntre og sosiale vesen.

- Musikkverket har vore ein naturleg plass for meg å starta dagen, spesielt vinterhalvåret, seier stamkunde og stamgjest Knut Jacobsen.

- Fine diskusjonar
Jacobsen fortel om fine diskusjonar, alt frå musikk til verdsproblem har vore tem.

- Vi er einige i det meste, bortsett frå når det kjem til religiøse tema.

Knut var utsett for ei påkjørsle i 1985, ei trafikkulykke som kosta liv og som resulterte i at han sjølv hamna i rullestol.

- Etter dette fekk eg eit anna forhold til religion, men mine tankar om det abstrakte er ikkje like som Tor Owe sine.

Knut seier han kjem til å sakna Musikkverket å dei i periodar daglege diskusjonane deira. Men han er også sikker på at han og Tor Owe kjem til å halda kontakten etter at butikken er stengt.

Kan folk sin smak
Ein annan som har sett stor pris på møteplassen Rennemo har skapt er leiar i Os Rockeklubb, Kjetil Grønvigh.

- I tillegg til å vera ein kjekk fyr å besøka og diskutera med har han vore til stor hjelp. Uansett kva rare cd-ønskje eg har kome så har han klart å skaffa det.

- Tor Owe har dessutan klart å sørgja for at eg og Knut alltid har fått siste Iron Maiden-plate den dagen den har kome ut, og han har gjort meg kjent med nye band. Med god teft har han foreslått musikk som han veit er i min sjanger, og han han som oftast truffe godt.

- Ein kjemperessurs
Komponist Glenn Erik Haugland driv med musikk i ein annan sjanger, men også han har hatt nytte og glede av Musikkverket.

- Tor Owe er ein stor kapasitet, både fagleg og sosialt, anten det gjeld sal av musikk eller distribusjon av billettar for alle dei gode kulturtiltaka i Os. Det er veldig synd at det ikkje er plass til slike spesialforretningar lenger.

Ei vill veke
Musikkverket i AMFI Os er som Musikkverket i AMFI på Stord eigd av mor til Tor Owe, Solgull. Begge butikkane hennar har siste opningsdag førstkomande måndag.

- Denne veka har vi hatt sal, no går alt ut dørene til 70 prosent rabatt. Det er ein del bra igjen, men jaggu har det gått unna mykje, seier Tor Owe.

Parallelt med innslaga i kassen har det hagla med fine tilbakemeldingar frå folk som meiner dei treng ein butikk som dette.

- Tala viser dessverre noko anna. Men det er rørande at så mange seier så mykje fint om meg som person. Eg var ikkje klar over at eg har hatt ei sånn rolle.

Mange spør også kva han no skal driva med.

- Eg har noko på gang, men ingenting er bestemt enno, så frå tysdag er eg utan jobb, seier Tor Owe Rennemo.

Før jul hadde han avsluttingfest med tilsette, i romjula samla han tidlegare tilsette for Midtsiden-foto og litt mimring.

- Det er litt av ein gjeng, og ein veldig kjekk gjeng. Til sommaren er det 20 år sidan vi opna, så vi får satsa på å få ein fest saman ganske snart.




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.