Sverre Lunde Pedersen er på plass i Pyeongchang for VM enkeltdistanser (arkivfoto: Andris Hamre)

– Ein medalje vil bety mykje

Sverre Lunde Pedersen er på plass i OL-byen Pyeongchang, klar for VM enkeltdistanser i Korea. 

Av: Andris Hamre

Torsdag starter VM enkeltdistanser i den Sør koreanske bye Pyeongchang, kor vinter-OL 2018 blir arrangert.

– Vi har teke det roleg etter at vi kom ned her og bygd det gradvis opp mot meisterskapet, fortel Sverre Lunde Pedersen til Midtsiden.

Nærmar seg storformen

Lunde Pedersen startar meisterskapet med 5000 meter torsdag, før han går lagtempo fredag og 1500 meter søndag.

– Det kjennes ut som vi har treft bra med treningane her nede og nærmar oss storformen. Det får vi uansett svar på når meisterskapet startar på torsdag.

Fekk gode svar i Berlin

Sverre Lunde Pedersen fekk det tøft under 10 000 meteren i EM i Heerenveen i byrjinga av januar, då han gjekk heilt tom og berre så vidt klarte å komma seg til mål. Både Sverre og støtteapparatet frykta sjukdom, men det viste det seg heldigvis ikkje å vera.

Under Verdscupen i Berlin tre veker seinare var Sverre tilbake med fjerde plass på 1500 meter og sjuande plass på 5000 meter.

– Eg fekk gode svar i Berlin. Det var lenge siden EM og eg trengde nokre løp for å komma i enno betre form. Det satser eg på at kjem no.

Medalje er målet

Skøyteløparen frå Os legg ikkje skjul på at målet for meisterskapet er ein medalje.

– Den største sjansen er nok på lagtempoen laurdagen, deretter 5000 meteren og så 1500 meteren.

– Kor mykje betyr VM enkeltdistanser, samanlikna med VM allround heime på Hamar i byrjinga av mars?

– Det betyr sjølvsagt mykje, men kanskje er VM på Hamar eit lite hakk større sidan det er på heimebane. Men dette er VM og ein medalje vil bety mykje, avsluttar Sverre Lunde Pedersen.

Fleire saker