- Ein merkeleg kamp
Os 2 rundspelte Laksevåg - og tapte 1-5.


Laksevåg hadde tapt 7 av 8 kampar før dei slo Os 2 sundag kveld.
- Det var ein merkeleg kamp. Vi rundspelte dei i første omgang, Laksevåg var knapt borti ballen, seier Os 2-trenar Tore Nielsen.
Sjansar skapte dei òg, Ramo hadde blant anna eit skot over mål frå 1,5-meters avstand.
I pausen snakka dei berre om å halda fram med det gode spelet, og tidleg i andre omgang sette Per Søgnen Merai inn 1-0 til gjestane frå Os.
- Så kom det ei kontring og ei rask skåring til like etterpå. Å ligga under 1-2 såg ut til å vera tøft for gutane, for dei mista både hovud og bein.
Nielsen trur tett kamp-program for ein del av spelarane har slått negativt ut.
- Vi endra formasjon fleire gongar, og hadde fire byte, men ingenting fekk laget på rett kjøl igjen. Men fleire av spelarane spelte to kampar laurdag, så kveldens bortekamp bli nok litt for tung, trur Nielsen.
Desse starta for Os 2: Anders S. Strønen, Per S. Merai og Baste Jonassen i midtforsvaret, Martin Eidsvik (hb) og Mats Leosøe (vb), Vegard Leikvoll Moberg, Erik Kanestrøm, Aleksander Lindkvist, Christer Olsen, Christian Almeland og Ramo Racic.
Byte: John Ole Johannessen for Eidsvik, Espen Valvik for Olsen, Børge Borgen for Jonassen og Espen Kopperud for Almeland.
- Mats Lepsøe og Erik Kanestrøm var nok våre beste i ein kamp som vi dessverre mista heilt grepet på, seier trenaren.
SJÅ TABELL