Kultur | 29. juli 2019

Ein runde til med stein

Skulptursymposiet held fram - no skal det jobbast i granitt.

Ein runde til med stein
I dag startar 11 kunstarar med å jobba fram nye kunstverk Vognhallen. Her frå utplukkinga av steinemne på Storum i går. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 29. juli 2019 10:26

Bildeserie:

Granittsymposiet startar i dag og vert avslutta på søndag. (Foto: KOG)
Granittsymposiet startar i dag og vert avslutta på søndag. (Foto: KOG)
Rullestein, hovudsakleg på Jæren skal nyttast.  (Foto: KOG)
Rullestein, hovudsakleg på Jæren skal nyttast. (Foto: KOG)
I går var kunstnarane på Storum og valde ut steinemne.  (Foto: KOG)
I går var kunstnarane på Storum og valde ut steinemne. (Foto: KOG)
1 av 3
Granittsymposiet startar i dag og vert avslutta på søndag. (Foto: KOG)
Rullestein, hovudsakleg på Jæren skal nyttast.  (Foto: KOG)
I går var kunstnarane på Storum og valde ut steinemne.  (Foto: KOG)

Knappe tre veker etter at det tjande skulptursymposiet vart avslutta med loddtrekning, er det no duka på for eit lite bonus-symposium.

Symposiet har fått namnet «Os granittsymposium - Skulptur i landskap».

– G. C. Rieberfonda ønskte å gje noko tilbake til dugnadsgjengane rundt i fylket, og dei har no gått inn og støtta dette symposiet.

Dette fortel Vidar Bratlund-Mæland. Saman med far, Arne, og Knut Hetleflåt skal dei vera dei lokale alibia under symposiet.

– Alle skulpturane skal ut til ulike dugnadsgjengar - og lag som gjer mykje for fellesskapet, og kven som får kva vert avgjort med loddtrekning på sundag.

Plukka stein

I går var dei fleste kunstnarane samla på lageret til Galleri Solbakken på Storum. Der fekk dei moglegheita til å plukka ut steinen dei skal jobba med dei neste 5-6 dagane.

Steinen dei jobba med er hovudsakleg granitt som kjem frå Jæren, seier Bratlund Mæland.

I dag tidleg starta dei totalt 11 kunstnarane å jobba fram det som på sundag skal plasserast ut på ulike stadar i Hordaland.

– Det er som alltid kjekt om folk stikk innom og helsar på kunstnarane, seier Bratlund Mæland, og på onsdag ettermiddag vil det òg vera ei lita salsutstilling av kunst som dei ulike kunstnarane har med seg.

Desse deltek i runde to av skulptursymposiet:

Jo Klay, Tyskland

Cagdas Sari, Tyrkia

Elena Saracino, Italia

Petre Petrov, Bulgaria

Gissella Garcia, Uruguay

Aurél Boussin, Frankrike

Renate Verbrygge, New Zealand

Karen Van Ommeren, Holland

Knut Hetleflåt, Noreg

Arne Mæland, Noreg

Vidar Bratlund Mæland, Noreg

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.