– Ein spesiell marknad
Bustadprisane i Os har auka jamt sidan 2010, med kvadratmeterprisar på vel 30.000 kroner for leilegheitar. Mykje nybygging gjer Os til ein spesiel marknad.
Måndag morgon låg det 24 brukte og heile 118 nye bustader for sal i Os kommune på finn.no.
– Marknaden i Os er spesiell i og med at det er veldig mykje nybygg og prosjekt som ligg ute.
– Samanliknar vi med Fana så er bildet snudd heilt på hovudet, fortel eigendomsmeklar Anders Fosbæk Vangen, dagleg leiar i DnB Eiendom.
Får mykje for pengane
Sjølv om prisane i Os har auka markant dei siste åra, så er framleis oppfatninga at ein får mykje for pengane om ein samenliknar med til dømes Fana.
– Framleis er prisane ein del lågare enn i Fana.
– Det er nok flest osingar som flyttar innanfor kommunen, men vi merker, spesielt på visninger av einebustader, at det kjem småbarnsfamilier frå byen som er på jakt etter familiebustad, seier Fosbæk Vangen.
– Eg trur det er ein del som ser at dei 10-15 minutta ekstra det tek å køyre til Os er verdt det.
Jamn auke i prisane
Salstal frå dei siste fire åra viser ei markant auke i kvadratmeterprisane i Os, spesielt frå 2010 til 2011 og på leilegheiter frå 2011 til 2012 då Os sjøfront sto ferdig.
Tabellen nedanfor viser snittsprisane for kvart av dei fire siste åra.
År Einebustad Tomannsbustad Rekkehus Leilegheit 2013 20.734 21.428 22.850 31.283 2012 19.012 21.257 21.657 28.581 2011 19.520 21.059 21.586 25.315 2010 17.534 19.266 20.355 23.234
– Då vi hadde dei to innflyttingsperiodane i Os sjøfront merka vi det kom eindel brukte bustader for sal i marknaden.
– Elles så opplever eg at det er ein bra balanse. Det blir seld om lag like mykje som det blir lagt ut.
– Eg opplever òg at forventningane selgarane har til pris er nokonlunde den same som kjøparane er villige til å gje, fortel Fosbæk Vangen.
Fornuftige førstegongskjøparar
Kristian Størksen og Hanne Sørstrønen, som hjelper boligkjøparane med finansieringa, fortel om edruelege lånekundar.
– Folk er fornuftige, spesielt opplever vi at dei unge førstegongskjøparane har eit godt bilde på eigen økonomisk situasjon.
– Mange har vore flinke til å spara i BSU.
– Korleis har kravet om 15% eigenkapital slått ut?
– Det har eigentleg gått greit sidan det blei vedtatt frå 1. januar 2012.
– No opplever vi det som godt innarbeida, men det er klart at for eindel av førstegongskjøparane, så kan det vera ei utfordring.
– Eg har inntrykk av at mange får hjelp frå foresatte til å løyse dette, seier Størksen.
– Ikkje gløym omkostningane
Ei lita "bombe" ligg rett nok der for ein del.
– Ikkje alle tenkjer på at dei, i tillegg til pengar til sjølve bustaden, òg må dekka dokumentavgifta på 2,5 %, meklerhonorar og liknande.
– Dette er pengar vi forventer at dei har sjølv, og ikkje noko som kan leggast inn i bustadlånet.
– I tillegg skal ein jo gjerne både ha gardiner og møblar, så litt ekstra må ein ha, før du skal kasta deg inn i bodrundene, avsluttar Sørstrønen.