Ein strålande dag på Ulvenvatnet
Dei som var ajour med juleførebuingane kunne i går kosa seg på flott skøye-is på Ulvenvatnet. No kjem snøen - og regnet.
Fredag kom trygg is-skiltet opp igjen på Banktjørn og Ulvenvatnet.
Det vil seia, på Banktjørn måtte istestar John Lepsøy laga eit nytt skilt.
– Nokon har fjerna det originale, men eg reknar med det er tatt vekk sist isen blei utrygg, at dei var før meg den morgonen, seier John.
Han legg til at han vil ha skiltet tilbake, og ber den som har skiltet ta kontakt på 413 36 923.
Flotte forhold i går
Fredag og laurdag har det vore strålande vêr og gode forhold på dei islagte vatna i Os.
Ikkje alle brukte laurdagen til handletur, små og store var i sving med kunsløp og hockey på Ulvenvatnet.
Laurdag var hobbyfotograf Ørjan Nilsen på vatnet med kamera. Han har sendt oss fleire fine bilde av isen.
Litt kvit jul
Laurdag var det ein del vind i Os og søndag formiddag har vinden blitt kraftigare.
Det har også blitt mildare og i løpet av dagen skal det byrja å snø.
Både Yr og Storm melder bris og nokre millimeter med nedbør utover søndagen.
Isen blir truleg utrygg igjen iløpet av jula, følg med på skiltinga!
Det skal også snø på julaftan, men snøen blir truleg våtare i løpet av dagen og går over til regn på kvelden.
Tysdag og onsdag er det meldt 4-5 gradar og regn, men til helga kan det bli kaldt igjen.