Kultur | 29. jan. 2014

Éin tangent – éin osing

Ole Hamre inviterte til tanketømming: Lyden av ei ferje, lyden av ei åre og – what does the laks say?

Éin tangent – éin osing
Ole Hamre (t.h. i grønt) fekk rikeleg med idear og ein god porsjon lokalhistorie då han samla saman dette ekspertpanelet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. jan. 2014 07:42

Bergen kjører også i år Os som ein satellitt under Festspillene, og éin av konsertane er bestillingsverket Osofonen – lyden av Os.

Les òg: Skal fanga lyden av Os

Den kjente bergensmusikaren Ole Hamre er hyra inn til å laga ein konsert av lydar frå Os, og måndag rigga han seg til i møterommet Ervikane i Oseana med eit solid, lokalt ekspertpanel:

Fonos-dirigent og tidlegare rockemusikar i Furia, Stine Kobbeltvedt, dagleg leiar ved Oselvarverkstaden og språk- og lokal kulturekspert Åsmund Lien, komponist Glenn Erik Haugland, dirigent og tidlegare kultursjef Karl Ole Midtbø og leiar for Os Rockeklubb Kjetil Osablod Grønvigh.

Viste eksempel frå Sør-Afrika

Ole Hamre gjekk med folkofonen-ideen i magen ei stund før han fekk realisert prosjektet, både i Noreg og i Sør-Afrika.

Her kan du sjå video av Capeofon.

– Alle kan halda ein tone i ti sekund. Vi speler inn lyd og bilde og set kvar tone til ein tangent.

– Det treng ikkje berre vera song eller eit instrument, det kan vera lydar du ikkje var førebudd på å få, latter, ein replikk, ein særeigen lyd eller lyden av produksjon av noko som er del av identiteten til folk i området, forklarte Hamre.

Kva er lyden av Os?

Etter å ha høyrt om Os si historie, om tradisjonar, om kva som har vore med på å bygga identiteten til osingane – og om kor viktig det har vore å ha adresse aust om elvo, spurde Hamre; kva er lyden av Os?

Forslaga kom raskt: Ein oselvar som glir gjennom sjøen, ei åre som bryt vasskorpa, ei ferje som klappar til kai, elva som renn – eller ein laks.

Midtsiden klarte ikkje å dy seg. What does the laks say?

– He, he! Det kan du seia. Men alt er av interesse, og det har vore veldig interessant og lærerikt å sitja saman med alle desse osingane desse timane.

På keyboardet sitt har Hamre plass til 124 lydar, lydar av Os, som han saman med Arve Henriksen og Ståle Storløkken skal setja saman Osofonen av.

5 på gata

Hamre har notert historikk og lydar knytt til Os, men skal uansett ha osingar til å laga lyd.

– Nokre av dei vil eg laga avtale med på førehand, men dei fleste vil eg nok oppsøkja i kvardagen.

– Eg vil gå rundt på Osøyro, på senteret og andre stadar. Ingen er trygg.

Opptaka til Osofonen kjem truleg til å starta i februar.

Bestilt av Oseana

– Eg har sett og høyrd andre tilsvarande prosjekt av Ole og hadde veldig lyst til å få til noko liknande i Os, seier Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

– Vi var heldige og fekk StorBergen Boligbyggelag med som sponsor, elles ville vi ikkje klart dette, seier han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.