Sport | 28. juni 2016

Ein travel Sjøbø landa laks på 12 kilo!

Kva ville du gjort om gøttet rauk mens du hadde ein feit laks nesten på land?

Ein travel Sjøbø landa laks på 12 kilo!
Eivind Sjøbø fekk ein laks på 12,0 kilo i Oselvo i dag. (Privat bilde, foto: Stig Gram-Knudsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. juni 2016 19:02

Bildeserie:

Katten var nøgd (og innbilsk) då Eivind kom heim. (Privat foto)
Katten var nøgd (og innbilsk) då Eivind kom heim. (Privat foto)
1 av 1
Katten var nøgd (og innbilsk) då Eivind kom heim. (Privat foto)

I går blei årets «Oskar» tatt i Oselvo, i dag blei det fiska ein laks som er større enn den største som blei tatt i heile 2015-sesongen.

Eivind Sjøbø tok ein laks på 12,0 kilo i Klekkerihølen. I tillegg tok han ein på 5,0 kilo.

– Dette er den største laksen eg har fiska, førre rekord var på 10,6 kilo, tatt i Gudvangen på 90-talet ein gong, fortel Eivind til Midtsiden.

Mista kleppen - rauk gøttet

Eivind fiska åleine då laksen beit.

– Eg såg storfisken saman med eit par til, ein av dei var nesten like stor. Eg såg òg då han beit, fortel storfiskaren.

Laksen utfordra, men Sjøbø gav etter og stramma inn med passeleg timing. Kampen varte i 15-20 minutt.

– Då eg hadde han inne ved land og skulle få han opp så mista eg kleppen. Då eg bøyde meg fram for å plukka opp kleppen så gjekk gøttet rundt spolen.

Eivind fekk det travelt då gøttet knippa.

– Det blei litt krise, men eg fekk tak i gøttet og var rask framme med kleppen. Den fisken skulle på land, det var berre heilt greit!

– Eg håper det er villfisk. Eg var litt usikker, sjølv om det ikkje er nokre typiske oppdretts-teikn på fisken, men fotograf Ole Vidar Søviknes meinte at det ikkje er oppdrettsfisk, seier Eivind Sjøbø.

Sjå bilde av meir fangst på prohd.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.