- Ein trist beskjed
Det var Johannes Heidal (31) som blei funnen død i Bjørnefjorden i går. Vener frå båtsportmiljøet i Os hjelper no Kystvakten i søk etter båten hans.
Måndag klokka 17.15 blei ein død mann funnen i Bjørnefjorden. I dag gjekk politiet ut med namnet på den omkomne, Johannes Heidal (31).
- Det var nokre av oss som frykta at det kunne vera Johannes, men vi fekk først stadfesta dette i dag, seier Anders Arefjord frå båtsportmiljøet i Os til Midtsiden.no.
- Kystvakten er på veg for å gjera søk i fjorden. Vi kjem også til å sjekka skjer og holmar mellom Os og Tysnes for spor, seier lensmann i Fusa og Tysnes, Lorentz Lunde til Midtsiden.no.
Poker Run-deltakar
Heidal er frå Fusa, men busett på Tysnes. Han blei sist sett i live då han kjørte frå Os i sin raske Wellcraft Scarab 28 XL klokka 23 sundag kveld.
Laurdag 19. juni i år deltok han i Bergen Poker Run med båten, som han har hatt på verkstaden til osingane Anders Arefjord, Eirik Haugland og Karl Ole Lyngbø før racet.
- Båten burde tålt turen
I utgangspunktet skal båten tåla slikt vêr, meiner Arefjord.
- Eg kan heller ikkje forestilla meg at han har kjørt på eit skjer, han er for båtvant og for kjent i fjorden til det, seier han.
- Men båten kan ha fått ein sprekk eller ein annan form for lekkasje. Det veit vi ikkje før vraket er funne.
På søk i fjorden
Johannes sine venar frå båtmiljøet i Os er i sorg, og fleire av dei er i skrivande stund på fjorden for å søkja etter båten og svar på kva som kan ha gått gale med turen frå Os til Tysnes.
Arefjord jobbar i eit selskap som leverer utstyr offshore, og kan sjølv skaffa søkjeutstyr eigna for det rundt 590 meter djupe platået der båtvraket kan ligga.
- Førebels søkjer vi etter dieselflak eller anna som kan stamma frå båten. Så får vi sjå kva utstyr Kystvakten har med når den er på plass. Vi er i alle fall innstilte på å hjelpa til.