Ein tung dag for Lysekloster
Leia 3-0, kjefta på seg fire gule kort og utvising før Fyllingsdalen snudde kampen.
Etter 3-2-tap borte for Vestfossen i førre runde hamna Lysekloster 5 poeng bak serieleiar Vard Haugesund.
I dag låg dei an til å halda seg på 2. plass, men i 72. minutt fekk dei straffe imot etterfølgd av fire gule kort og utvising grunna protestar på avgjerda.
– Eg tolka det meir som sjokk enn protest. Med våre auge var det ei knallgod takling, ikkje straffe, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.
Fyllingsdalen utlikna på nok ein straffe i 80. minutt og sikra sigeren på corner på overtid.
– Vi er òg i stuss om denne straffen var fortent, eg meiner ballen gjekk i ribbeina på spelaren vår, ikkje i handa.
Lysekloster - Fyllingsdalen 3-4 (2-0)
Målskårarar, Lysekloster: Karol Krzysztof Zielinski 2 og Szymon Walczak
Målskårarar, Fyllingsdalen: Erik Huseklepp og Henrik Nyland 3
Lysekloster hadde ei forrykande opning av heimekampen, først med ein sjanse i opningsminuttet, så med skåring av Zielinski både i 5. og 8. minutt.
Simen Næss var nær skåring på frispark, som gjekk i tverrligger i 27. minutt, og fekk òg lausna skot i 42. minutt.
Men Fyllingsdalen hadde det meste av spelet etter 20-skåringa, utan å skapa særleg mykje meir enn eit skot av Huseklepp i 39. minutt.
Hardkjør etter pause
Fyllingsdalen heldt fram med å jaga utlikning etter pause, og spelet gjekk utelukkande på Lysekloster sin banehalvdel dei første 8 minutta.
Men første tur over midtbanen etter pause enda i ein stor sjanse etterfølgd av skåring på hovudet av Walczak i 56. minutt.
Så blei det meir ampert. Westrheim og Sundfør fekk kvar sitt gule kort for å ha skubba kvarandre etter ei takling i 57. minutt. Frisparket sette Huseklepp via tverrligger og i mål.
Ljobovic var nær på å setja eit brassespark i buret, noko som kunne punktert kampen, i staden kom Fyllingsdalen på nok eit raid, blei felt og fekk straffe.
Walczak, Harris og Gonzalez fekk kvar sitt gule kort for munnbruk etter avgjerda. Walczak fekk to på rad og måtte av banen.
I neste straffesituasjon var det berre Berg som fekk gult kort for protest på avgjerda. I alt blei det delt ut 11 gule kort i kampen, tre av dei til gjestane.
– Målet var å forsvara oss godt etter pause, og å prøva å utnytta overgangane bra. Vi forsvarte oss godt, og skapte sjansar på overgangane, men desse straffane klarte vi ikkje å forsvara oss mot, fortviler Hetlevik.
8 poeng frå toppen
Serieleiar Vard Haugesund vann 1-4 borte over Stord i dag, dermed er målet om opprykk endå lengre vekke for Lysekloster sin del.
– Vi må berre jobba med å akseptera dagens tap og konsentrera oss om å vinna dei neste kampane, seier Ruben.
Lysekloster er no på 4. plass, bak Vard, Djerv 1919 og Fyllingsdalen. Fana, som er neste motstandar, er berre eitt poeng bak.
I dei neste rundane skal Lysekloster, i tillegg til botnlaget Valdres, møta alle dei tre andrelaga i avdelinga, Sogndal, Brann og Strømsgodset før serien blir avslutta heime mot Os.