Lokal | 05. jan. 2019

– Ein utrygg plass for fotgjengarar

Kva er planen for området rundt den nye hallen?

– Ein utrygg plass for fotgjengarar
Utan asfalt og lys: – Som eit stort flak av uvisse, meiner innringar om området rundt den nye dobbelhallen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 05. jan. 2019 08:59

Den nye dobbelhallen på Kuventræ sto klar til skulestart i august, med parkering i kjellaren som gir auka kapasitet i forhold til før bygging.

• Video og bildeserie: Opna ny hall med eit brak

Området rundt innkøyringa til parkeringskjellaren er ope og romsleg, men utan tydeleg merking, utan asfalt og utan lys.

Nokre naboar og brukarar av idrettsanlegget har vore i kontakt med Midtsiden for å spørja om vi veit kva som er planen vidare, eller om byggherre (Os kommune) ser på arbeidet som ferdigstilt.

– Utan asfalt kan det bli vanskeleg å ferdast her både for dei med barnevogn og dei i rullestol. For yngre born på veg til eller frå skule eller aktivitet, kan det vera litt uklart kvar dei skal gå. I tillegg er det svært lite lys. Plassen er som eit stort flak av uvisse, meiner ein av dei som har kontakta redaksjonen.

– Det er dessutan veldig mykje trafikk i området, både morgon og kveld. På dagtid er det tett med tungtransport på vegen.

Tilbygg kjem først

Consto Bergen, som bygde hallen, har for lengst rigga ned arbeidsbrakkene sine. Vi retta spørsmålet vidare til prosjektleiar, Ole-Håkon Sælen i Os kommune.

– Årsaka til at det ikkje er blitt asfaltert enno, er at kommunen skal i gang med bygging av eit tilbygg mellom vegen og innkøyringa ned i den nye parkeringskjellaren, fortel Sælen.

Etter at budsjettet for 2019 blei vedtatt i desember blei det klart at det skal brukast rundt 9 millionar kroner på oppgradering og tilbygg til den nye hallen. Tilbygget skal romma ein turnkasse og innandørs klatrevegg.

– Asfaltering blir ferdigstilt når bygget er oppført. Då blir det òg sett opp fleire gatelys.

Det er venta at bygget skal vera reist til sommaren.

Plassen utanfor hallen blir med andre ord mørk gjennom denne vinteren, men forholda skal bli betre til skulestart til hausten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.