Lokal | 12. juli 2021

Ein varm start på veka

Ein ny godvêrsperiode er i gang.

Ein varm start på veka
Os hamn i dag. (Foto: Thea Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. juli 2021 08:59

Måndag morgon starta med skyfri himmel, svak vind og 16 plussgradar.

Det er meldt lettskya til og med helga, men med nokre variasjonar.

Dei neste tre dagane blir dei varmaste.

Temperaturen er venta å auka til 22 gradar i ettermiddag, 24 gradar tysdag og 25 gradar onsdag.

Frå torsdag og gjennom helga er det venta 17-18 gradar.

Skyfri fredag

Lettast skydekke blir i dag, onsdag ettermiddag og fredag.

Det er meldt overskya tysdag og på formiddagen torsdag.

Yr melder opphaldsvêr dei neste ti dagane, Storm melder regn natt til onsdag og søndag fram til klokka 17.

Yr melder 2-3 m/s vind i heile perioden, Storm melder auke til 5-6 m/s frå torsdag ettermiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.