Kultur | 05. mai 2018

Eirik finaleklar

Singing in the rain og Sigrid gav Eirik Søfteland finale i «Århundrets stemme».

Eirik finaleklar
Eirik Søfteland framførte Singing in the rain som første song i semifinalen (foto: TV2)
Andris Hamrelørdag 05. mai 2018 20:10

I kveldens semifinale skulle Erik Søfteland, Øivind «Elg» Elgenes og Frida Aanevik gjera opp om kven av dei som skulle gå til finalen.

– Eirik, du fortener å gå til finalen i kva du kan og kva du gjer. Du gjer med glad, sa Ingard Dyrhaug etter at Eirik hadde sunge «Singing in the rain».

Det er beundringsverdig korleis du gjer dette. Det er lett å høyre korleis du turnerer alle desse tiåra, kommenterte Bertine Zetlitz.

Rockerane vidare

I kveldens program skulle artistane framføra ei låt frå 1920-talet og ei frå dagens hitlister.

Eirik framførte Sigrid si «Don't kill my vibe» som sitt bidrag for årets hitliser.

– Eg liker korleis du formidlar krafta hennar i ditt eige uttrykk, kommenterte Bertina etter at Eirik Søfteland hadde framført låta.

Ved utstemminga gjekk Elg først vidare før Eirik blei ropt opp som finalist nummer to. Med det blir det finale mellom to rockarer; Øivind «Elg» Elgenes og Eirik Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.