Sport | 29. aug. 2011

– Eit anstendig tap

Toppkamp i 5. divisjon: Søre Neset var sjanselause borte mot Lysekloster.

– Eit anstendig tap
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. aug. 2011 08:01

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Søre Neset sakna Anders Kinden, Emilis, Ørjan Bakke og Kenneth Hufthammer i toppkampen mot Lysekloster i går.

– Dette var eit akseptabelt tap. Lysekloster har tatt store steg frå i vår, dette held topp 3 i 4. divisjon, meiner Søre Neset-trenar Morten Øvrebø etter gårsdagens toppkamp i 5. divisjon.

– I vår var vi med i heile kampen, i dag var vi ikkje. Lysekloster gjev frå seg ein del rom, men når vi slurvar så mykje når vi har ballen i laget så blir det skapt for lite.

Søre Neset ligg framleis på 2. plass på tabellen og gav ikkje frå seg for mange baklengsmål mot suverene Lysekloster.

Lysekloster - Os 3-0 (1-0)
Mål: Thomas Sandal, Andreas Fosse og Morten Buvik (straffe).

– Dette var halvvegs. Her mangla mykje konsentrasjon framfor mål i dag, meiner Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.

Lysekloster hadde eitt stolpeskot og mange store sjansar, med gode avslutningar på mål og fleire innlegg som fekk susa forbi boksen utan at nokon trampa den i nota. Anders Kloven hadde også fleire fine redningar.

Skåringane kom på innlegg i 13. minutt, heading på første stolpe på corner 20 sekund ut i 2. omgang og straffe i 84. minutt.

Den største sjansen til Søre Neset var Torbjørn Hjelle sitt frispark mot krysset til Lysekloster i 77. minutt.

Tim Henrik i raudt

I 2009 skåra Tim Henrik Sperrevik 20 mål for Os i 3. divisjon, etter nedrykket frå 2. divisjon i 2010 la han opp. I år trener han juniorlaget til Os, i går debuterte han som spelar for Søre Neset.

– Sidan mange av dei eg trener er spelarar på Os 2 kan det vera greit for meg å halda meg vekke. Då Søre Neset, som består av mange tidlegare lagkameratar og har bane nokre hundre meter frå huset mitt, spørte om eg ville vera med dei litt i haust, så takka eg ja, seier Tim.

Han kom innpå saman med Tore Kinden knappe 20 minutt ut i 2. omgang. Kort tid etter starta ein periode på nesten 10 minutt der Søre Neset såg ut til å redusera 2-0-leiinga.

Nesten sikra opprykk

Med søndagens siger er Lysekloster med 43 poeng éin siger frå å vera 100 prosent sikra opprykk.

Søre Neset ligg på 2. plass med 28 poeng, på dei neste plassane finn vi Rosendal og Sold, begge med 26 poeng.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.