Meining | 12. sep. 2022

Eit år til kommunevalet

I FrP er vi klare til å få fart på Bjørnafjorden igjen.

Eit år til kommunevalet
Terje Søviknes, her på talarstolen i kommunestyret 16. juni. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. sep. 2022 16:46

I dag er det nøyaktig eitt år til kommunevalet 2023. Vi veit at mange ser fram til valet, og i FrP er vi klare til å få fart på Bjørnafjorden igjen.

Åra etter kommunevalet i 2019 har diverre vore krevjande for Bjørnafjorden.

Fleritalskonstellasjonen som vart etablert den gong, beståande av AP/SP/Krf/MDG med SV som støtteparti, har gradvis smuldra opp. Det har gitt svak politisk styring og manglande retning for kommunen. Den politiske landskapen er lite føreseieleg, og det pregar etter kvart heile den kommunale organisasjonen.

Kommunen står framleis overfor store utfordringar, ikkje minst økonomisk.

Tøffe prioriteringar ligg framfor oss, og ein må framleis arbeida for å byggja ein felles identitet for Bjørnafjorden. Gode velferdstenester nær innbyggjarane er avgjerande for at vi skal lukkast. Det same er vekst og utvikling i heile kommunen.

Bjørnafjorden FrP er klar til å ta fatt på jobben. Til liks med dei andre partia jobbar vi no med kommunevalliste og valprogram for perioden 2023-27.

Med ein krevjande kommuneøkonomi kan vi ikkje lova gull og grøne skogar til alle. I åra framover må primærtenestene barnehage, skule, helse og omsorg prioriterast, og det vert truleg lite rom for det som er kjekt å ha.

Det vi imidlertid kan lova, dersom vi får tillit neste år, er:

  • tydeleg politisk styring og leiarskap
  • JA-haldning i arealsaker
  • null eigedomsskatt
  • og ein kommune som verkeleg vil noko.
  • Ein kommune som er framoverlent, og som samarbeider godt med frivilligheten og private om å skapa aktivitet i heile Bjørnafjorden.
  • Ein kommune som seier JA om ikkje vi har god grunn til å seia nei.

Vi har mykje ressursar i kommunen vår.

Solide verksemder, eit rikt lags- og organisasjonsliv og om lag 25.000 ressurssterke innbyggjarar. I haust opnar også ny E39 Os-Bergen. Det vil gje nye vekstimpulsar til heile kommune, også aust om fjorden.

I fellesskap har vi alle føresetnadar for skapa ein attraktiv kommune - framtidas Bjørnafjorden kommune.

Vi er klar, og vonar at de også er klar 11. september 2023!

Terje Søviknes
Ordførarkandidat, Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.