Sport | 21. mai 2010

- Eit arbeidsuhell

Minde tok sitt første poeng for sesongen mot «uslåelege» Søre Neset.

- Eit arbeidsuhell
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. mai 2010 08:16

Etter siger i 5 av 5 kampar gav Søre Neset i går vekk poeng, på heimebane til gjestar frå botnen av tabellen.

- Vi hadde spelet, men med lågt tempo, slurv i pasningsspelet og lite rørsle utan ball blei det få sjansar, seier trenar Morten Øvrebø.

Kjetil Henriksen gav Søre Neset leiinga på direkte frispark i 20. minutt. Minde utlikna på overtid i første omgang.

Kampen enda 1-1.

- Eg skjønar ikkje kvifor, men vi har vore tydeleg betre på bortebane enn på heimebane i år. Det er noko vi må analysera litt, seier Øvrebø.

Kan koma à jour
Sørenesingane kan trøsta seg med at Krabbetor også har fått brot i sigersrekka si. Dei spelte 2-2 mot Austevoll 2.

- Vi kan ikkje klaga over 16 av 18 moglege poeng, men det er overraskande og skuffande at vi gjev vekk poeng til Minde, som før møtet med oss hadde tapt 4 av 4 kampar.

- Men vi er ikkje ute av form, dette avr eit arbeidsuhell. Slår vi Fitjar på måndag er vi à jour.

Søre Neset sitt lag frå start (4-3-3):
Torleif Nesse - Ørjan Bakke, Audun Røren, Kenneth Hufthammer, Frank Haugland - Emilis Kazinskis, Andreas Pettersen, Øystein Lien - Anders Kinden, Tore Kinden og Kjetil Henriksen.
Innbytar med speletid i kampen: Jan Einar Strand.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.