Sport | 16. apr. 2012

- Eit bra stemne

Symjetrenar Elin Austevoll er nøgd med disiplane sine. Helgas stemne gav heile ni førsteplassar.

- Eit bra stemne
Sebastian Braathen tok to av dei ni 1. plassane på henhaldsvis 50 og 100 meter bryst (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremåndag 16. apr. 2012 14:29

Ein noko redusert konkurransetropp frå Os Symjeklubb deltok i helga på Vårskvetten i Bergen.

- Vi var ikkje så mange utøverar med frå Os denne gongen, men likevel er eg godt nøgd.

- Det at alle satte ny personeleg rekord på minst ein av distansane dei sumde er veldig kjekt, seier Elin Austevoll.

To debutantar

Martin Dustan (fødd i 2002) og Katrine Storheim Sørstrønen (fødd i 2001) debuterte som konkurransesymjarar i helgas stemne.

- Det at vi no byrjar å få nye symjarar som har lyst til å vera med på stemner er veldig kjekt.

- I tillegg er dei som har vore med ei stund veldig flinke til å fortelja dei yngre kva dei skal gjera og korleis stemnet fungerar. Det er jo ei ny oppleving frå dei første stemna symjeklubben var med kor vi på bassengkanten også måtte passe på den biten, smilar symjetrenaren.

Tung i kroppen

Seks av dei ni førsteplassane sto Tom André Moberg Johansen for.

- Tom André har vore på treningsleir med Delfana heile påske, så han var nok litt tung i kroppen denne helga.

- Difor er det ikkje mindre enn imponeranda at også han klarar å setje nye personlege rekordar, skryt trenaren.

Samstundes med Vårskvetten gjekk det nasjonale Årsklassemeisterskapet (ÅM) av stabelen i Mandal kor dei 24 beste i kvar årsklasse fekk delta.

- Tom André er på 26 plass i den lista, så det var akkurat så han ikkje blei kvalifisert.

- Om han held fram med den utveklinga han har hatt det siste året reknar eg med at det ikkje er lenge før vi får sjå han i nasjonale konkurransar, slår Elin Austevoll fast.

Dei to siste konkurransane klubben skal vera med på før sommaren er deira eige Osmeisterskap i Osbadet siste helga i mai og eit stemne i Slåtthaughallen andre helga i juni.

Os symjerane sine resultat:

50m bryst, herrer, født 97
1 Sebastian Braathen, 36,75

50m bryst, damer, født 99
2 Ariel Braathen, 42,14
Bianca Torgilstveit

100m butterfly, herrer, født 97
1 Tom Andree Moberg Johansen, 1.08,19

100m fri, herrer, født 97
3 Sebastian Braathen, 1.08,19

100m fri, damer, født 95
3 Sunniva Stubseid, 1.26,70

100 m fri, damer, født 99
2 Ariel Braathen, 1.14,77
8 Bianca Torgilstveit, 1.32,45

50m rygg, herrer, født 97
1 Tom Andree Moberg Johansen, 33,12
4 Sebastian Braathen, 37,20

50m rygg, damer, født 99
1 Ariel Braathen, 37,98

200m individuell medley, herrer, født 97
1 Tom Andree Moberg Johansen, 2.36,59

50m butterfly, damer, født 95
2 Sunniva Stubseid, 48,41

50m butterfly, damer, født 99
2 Ariel Braathen, 35,92
7 Bianca Torgilstveit, 46,00

50m butterfly, herrer, født 97
1 Tom Andree Moberg Johansen, 30,81
3 Sebastian Braathen, 33,03

100m rygg, herrer, født 97
1 Tom Andree Moberg Johansen, 1.11,16

100m bryst, damer, født 99
4 Ariel Braathen, 1.34,51
Bianca Torgilstveit

100 m bryst, damer, født 01
6p Mira Færøy, 1.53,38
Hanne Andreassen Bøe

100m bryst, herrer, født 97
1 Sebastian Braathen, 1.23,33

50m fri, damer, født 95
5 Sunniva Stubseid, 37,41

50m fri, damer, født 99
3 Ariel Braathen, 33,09
12 Bianca Torgilstveit, 42,42

50m fri, damer, født 01
14 Mira Færøy, 44,04
16 Katrine Storheim Sørstrønen, 45,12
Hanne Andreassen Bøe

50m fri, herrer, født 97
1 Tom Andree Moberg Johansen, 27,09
3 Sebastian Braathen, 29,92

50m fri, herrer, født 02 – Alfabetisk
Martin Dustan, 48,07

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.