– Eit flott vårslepp
VIDEO: Sjå stemningsrapport frå vårsleppet og bildeserie frå moteshowet.
Den nye sjefen i Os sentrum er imponert over innsats og oppmøte under årets vårslepp og moteshow.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
– Vi var heldige med vêret, det betydde nok mykje. Og så hadde vi fått med ein del interessante aktivitetar og utstillarar, seier Geir Amundsen.
Les òg: Viste venegjengen
Liv i hamna
I hamna var Os Dykkerklubb, Nemo og vassjetkjørarane i sving. Båtens Beste hadde flytande utstilling.
– Vi har fått fine tilbakemeldingar frå fleire utstillarar, også dei maritime. Mange koste seg på gjestebrygga denne dagen, og då er det kjekt at det skjer noko der òg.
Skating, mote, swing og rock
På torget i sentrum var det også aktivitetar og utstillingar, frå rock ved to band frå Os Rockeklubb til skating ved medlemmar av Halhjem Switch.
– Vi hadde mange tilskodarar og full guff i hoppeslottet heile dagen.
– For ikkje å snakka om moteshowet, der hadde vi mange butikkar som var med, flinke modellar som stilte opp og heldigvis eit veldig godt publikum, seier Amundsen nøgd.
I tillegg til tekstil, styling, sko og solbriller var enkelte varer fletta fint inn i showet, som fiskestenger og fôr, med hund på catwalken for Rosvold Sport, som har ei "dyrisk" interesse for jakt og hundehald.
VIDEO: Sjå stemingsrapport på tre minutt frå årets vårslepp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, midtsiden.no)